Mykje kildesortering og lite anna

miljøfyrtårn kildesortering miljøstasjon

Høgskulen i Volda er miljøfyrtårnsertifisert. I praksis betyr dette at ein prøver å få studentane til å sortere søpla rett.

 

– Eg håper det ikkje er symbolsk, seier leiar i studentparalmentet, Trym Rimmen.

Han er nøgd med miljøtilpasninga på skulen, og meiner dei små bidraga hjelper på det store biletet. Men han seier det likevel kunne vore betre.

Det manglar ikkje på moglegheit for å sortere ved kantina i Berte Kanutte-huset. Likevel går det ikkje alltid heilt etter planen. Foto: Tina Marie Støkker

– Nokre studentar er ikkje nøgde med kor utydeleg oppmerkinga på miljøstasjonane er. Studentane er heller ikkje nøgde med at enkelte foreleserar printar store kompendium til forelesingar seier Rimmen.

I tillegg til miljøstasjonar og dobbel printing sel kantina ved høgskulen dagen-før-maten.

– Dette er kanskje ikkje dei mest synlege tinga, men alt hjelper, seier Rimmen.

– Er denne sertifiseringa mest symbolsk?

– Eg håper den ikkje er symbolsk, men det er jo litt fint at nokre ting er symbolske for at dei skal vere haldningsskapande, seier han.

Nærnett har tidlegare laga ei sak om sertifiseringa til Miljøfyrtårn

Trym Rimmen har ansvaret for studentperspektivet i den interne arbeidsgruppa for miljøfyrtårn. Foto: Jonas Otneim

Mest HMS og sårbarheitsanalyse

Eit av dei første måla miljøfyrtårnet Høgskulen i Volda sette seg, var å sette opp miljøstasjonar i dei forskjellige bygga tilhøyrande skulen. No har høgskulen planar om å sette inn informative animasjonsvideoar laga av studentar på skulen. Dette skal gjere det enklare å kildesortere rett.

Gode resultat for miljøstasjonen på Berte Kanutte-huset har ført til at høgskulen har valt å sette opp stasjonar i Strøm-, Kaarstad- og Aasen-bygget.
Foto: Jonas Otneim

– Det er prioritert å få på plass animasjonsvideoar ved miljøstasjonene. Trym Rimmen skal i møte med fagmiljøet animasjon seinare i februar, forteller Solbjørg Nossen Leite

Utover betra moglegheit for kildesortering har Høgskulen i Volda ifølgje miljøfyrtårnkoordinatoren lagt vekt på helse, miljø og sikkerheit (HMS), og skulen har fått på plass ei heilheitleg risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS).

– HMS og arbeidsmiljø er ein stor del av miljøfyrtårnarbeidet, og det skal bli utført medarbeidarsamtaler og personalmøter, seier Leite.

 

Høgskulen har også, sjølv om det ikkje er eit krav frå Stiftelsen Miljøfyrtårn, satt opp solcellepanel på taket til Berte Kanutte-huset. Desse produserer rundt 100.000 kilowattimer straum i året, noko som tilsvarar straumforbruket hos fire til fem hushaldningar. Du kan sjølv følgje solcellepanela sine statistikkar på ei eiga nettside.

– Rett retning

Marion Gustavsen er nøgd med at skulen har fått ein tydelegare miljøprofil.
Foto: Privat .

Student ved Høgskulen i Volda, Marion Gustavsen, synast høgskulen har tatt eit steg i rett retning ved å bli sertifisert som miljøfyrtårn. Ho er veldig nøgd med tiltaka skulen har satt i gang og håper dei jobbar mot å bli enda betre ved å hente inspirasjon frå andre. Ho har ei klar tilråing om lesestoff for miljøfyrtårsansvarlege ved høgskulen:

– Eg synest høgskulen burde ta ein titt på rapporten «Grønne indikatorer» fra 2019. Den er laga spesielt for høgskular og universitet, og her står det mykje bra om blant anna mobilitet, avfall og energi, forteller Marion Gustavsen.

Ventar på resultat

Høgskulen blei miljøfyrtårnsertifisert i 2018. Miljøfyrtårnkoordinator Solbjørg Nossen Leite er opptatt av å kunne dokumentere ei positiv utvikling, men har ikkje eit konkret svar på kva som er måla for 2020. Fristen for å levere rapport om miljøtiltak for 2019 er 1.april 2020. Det er først då ein kan sjå tala til høgskulen frå 2019 og gjere si vurdering. Det er først då ein kan sjå om skulen framleis opprettheld krava frå Stiftelsen Miljøfyrtårn.

Solbjørg Nossen Leite meiner det er viktig at studentane ser at høgskulen tek miljø på alvor. Foto: Jonas Otneim

Ifølge miljøfyrtårnrapporten frå 2018 har antall flyreiser gått ned, men samla CO2-utslipp er det same eller høgare. Det pratast om haldningsskaping, men er det kun symbolpolitikk?

– Det er eit godt spørsmål som eg meiner dykk må ta med Miljøfyrtårn. For vi svarer kun på dei kriteria som dei meiner er viktig, seier Solbjørn Nossen Leite.

Les meir om rapporten: Grønne indikatorer

Håper på miljøvenlege innkjøp på nytt mediebygg.

Stiftelsen Miljøfyrtårn

  • Eit miljøleiingssystem både offentlege og private verksemder som har eit ønske om å dokumentere sin eigen miljøinnsats.
  • Alle bedriftar eller verksemder som oppfyller krava til Stiftinga kan bli sertifiserte.
  • For å bli sertifisert som miljøfyrtårn, må Høgskulen dokumentere oppfylte krav stilt ifrå Stiftelsen Miljøfyrtårn. Der er det fem kriterier som mellom anna omfattar transport, avfall, energi, HMS og innkjøp.