Håper på miljøvenlege innkjøp til nytt mediebygg
 

Miljøfyrtårn nytt mediabygg

Høgskulen i Volda sitt nye mediabygg skal huse alle mediefaglege utdanningar, 500 mediestudentar og femti tilsette. FOTO: Jonas Otneim 

Om 18 månader står det nye mediebygget ved Høgskulen i Volda ferdig til bruk. Her kan skulen få moglegheit til å vise at dei meiner alvor om miljøtilpassing.
 

Konstruksjonen av det nye mediabygget til Høgskulen i Volda er allereie i gang, og skal stå ferdig i 2021. Der har høgskulen planar om å ha nye solcellepanel på taket og å sette opp rundt 80 nye sykkelstativ for å legge til rette for meir sykling blant studentane.

– No som det nye mediabygget kjem er det viktig at dei tenker på kva dei kjøper inn. Dei må tenke berekraftig og kjøpe møblar, og elektronikk som kjem til å vare. Eg håper dei flytter over noko av utstyret skulen allereie har i staden for å kjøpe alt nytt, seier student Marion Gustavsen.

Student Marion Gustavsen håpar på berekraftige innkjøp til det nye mediabygget. FOTO: privat

Innkjøp har stor miljøpåverknad

Om skulen vel å kjøpe nytt, er rådet frå dei som står bak merkeordninga Svanen å satse på produkt som har dokumentert låg miljøpåverknad. Miljørådgjevar Kristian Kruse i Miljømerking peiker på at Høgskulen no sjansen til å gjere mykje bra med det nye mediabygget.

Du kan lese om krava til innkjøp her

Kristian Kruse er miljøkjemikar og jobbar som miljørådgjevar for Svanemerket. FOTO: privat 

– Den reelle miljøeffekten det har, kjem i innkjøp frå miljøvenlege og berekraftige leverandørar. Med å berre velge ein meir miljøfokusert leverandør, kan verksemda kutte utsleppa til verksemda med 40 prosent, seier Kruse.

Høgskulen i Volda er sertifisert som miljøfyrtårn. Les meir om det her.