Miljøvernar tvinga til å kjøpe bil

Øyvind Festø viser bil

MILJØVERNAR MED BIL: På bygda må du ha bil, også Øyvind Festø frå MDG. FOTO: Kristina Kalinina

Noreg har plikta seg til strenge klimamål, men våre reisevaner kan sette ein stoppar for at me når dei. 

Å redusere bruk av personbil ved hjelp av eit betre kollektivtilbod hadde redusert utslepp av klimagassar. Men på Søre-Sunmøre er kolektivtilbodet så dårleg at fleire tvinga til å kjøpe bil.

Strenge klimamål

Noreg har i gjennom to klimaforlik på Stortinget forplikta seg til strenge klimamål. I klimameldinga frå 2012 kjem det fram to hovudmål, Noreg skal kutte klimautslepp tilsvarande 30 prosent av utsleppsnivået me hadde i 1990 og Noreg skal vere karbonnøytralt seinast i 2050.

For å redusere klimautslepp skal Noreg kutte eige utslepp og i tillegg kjøpe utsleppskvoter frå andre land slik at dei kuttar for oss. Å verte karbonnøytral betyr at Noreg skal kompensere for utslepp av klimagassar ved å kjøpe utsleppskvoter i andre land, slik skal me utlikne all CO2 me slepp ut.

Nordmenn reiser for mykje

Ein rapport frå Framtida i våre hender (FIVH) viser at gjennomsnittsnordmannen reiser 2 millionar kilometer i løpet av livet. Nordmenn flyg per dags dato ti gonger så mykje som den gjennomsnittlege europearen. I følgje FIVH vil ikkje Noreg klare å innfri sine internasjonale forpliktingar om me held fram slik.

Satse meir på kollektivtrafikk

Eit betre kollektivtilbod kunne ha gjort at færre valde personbil eller fly for å komme seg dit dei skal. Men på bygda i Noreg er det vanskeleg å klare seg utan personbil og skal ein reise langt er det ofte eit betre tilbod med fly enn buss og tog.

På bygda må alle eige bil

Serghei Levchenko bur og studerer i Volda. Då han fekk jobb i ein anna kommune måtte han kjøpe bil for å komme seg dit i tide.

– Det er ikkje alltid bussen går til rett tid, seier Levchenko.

Serghei Levchenkov
STUDENT: Serghei Levchenko fekk behov for bil då han fekk jobb. FOTO: Kristina Kalinina

Han fortel at det eksisterer ei rute han kunne nytta, men då hadde han ikkje vert på jobb i tide i tillegg til at turen er lang med eit bussbyte der han må vente lenge.

Miljøvernar med bensinbil

Øyvind Festø, lærar og representant for Miljøpartiet dei Grøne i Volda, måtte kjøpe eigen bil for å kome seg på jobb.

– Viss eg skulle pendle til Åmdal hadde eg måtte brukt bort i mot to timar kvar dag og når eg kjører bil så brukar eg 25 minutt totalt fram og tilbake, fortel Festø.

Han er kritisk til at Noreg kjøper klimakvoter i utlandet i staden for å redusere eige utslepp meir.

– I staden for å bruke pengar på klimakvoter kunne me heller å nytta midlane på tiltak som faktisk verkar, for eksempel ved å satse på kollektivtransport, auke frekvensen på ruteavgangane og bygge betre busskur i Volda, som det står i den vedtekne klimaplanen vår at me skal gjere, seier Festø.

Kollektivtrafikk ein viktig del av miljøsatsinga til fylket

– Politikarane diskuterer kollektivtilbod som ein veldig viktig del av den miljøsatsing, fortel Svein Ivar Aarskog, fagansvarleg for driftsseksjonen på samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.

– Eit betre kollektivtilbod og lågare billettprisar vil gjere at fleire reiser kollektivt. Me kan alltids bli betre, seier Aarskog.

Sjå Nersynet sin reportasje her: