Mista keeperen sin før 2. runde i cupen

Mista keeperen før viktig kamp

Volda sitt herrelag i fotball vann den første kampen i cupen mot Stryn. I morgon skal dei spele 2. runde mot Bergsøy, men utan keeperen sin.

Førre fredag gjekk Rino Lund Johnsen til Raufoss. Raufoss kontakta ikkje Volda Turn og Idrettslag (VTI) før Johnsen allereie hadde signert proffkontrakta. Raufoss spelar i 2. divisjon. 

Solveig Storeide, dagleg leiar i VTI-fotball, melder at dei ynskjer Johnsen lukke til i ny klubb, men at dei er særs uroa før cupkampen. Ho legg til at dei også er sinte på Raufoss sin framgangsmåte. 

– Vi tenkjer å melde saka inn til NFF og påpeike at regelverket ikkje er verdt noko så lenge det ikkje har følgjer å bryte det, seier Storeide til avisa Møre. 

Storeide meiner vidare at NFF sitt regelverk er heilt klart på overgangsreglar, men med ingen sanksjonar kan storklubbane herje over dei små klubbane slik dei vil.

Dei som vinn kampen i morgon har mogelegheita til å kanskje møte Hødd eller Aalesund i neste runde. 

Nærnett

Les flere artikler fra Nærnett.