Kamp om Mørebankane

– Skjer det eit utslepp her, vil det få konsekvensar for heile kysten

OFFSHORE VS. FISK: Fiskeri og offshore; ei konsekvensutreiing kan få konsekvensar for begge desse næringane. Video: Peder Haugfos

Olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) opna i mai for å konsekvensutreie havområda på Mørebankane. Ekspertar på området meiner dette kan vere farleg.

Nils-Roar Hareide er dagleg leiar ved Runde Miljøsenter. Han er særs bekymra for noko eventuell oljeaktivitet på Mørebankane.

– Skjer det eit utslepp her, vil det få konsekvensar for heile kysten, seier han.

Hareide samanliknar Mørebankane med dei øvste partia i ei elv, der det som skulle ha skjedd øvst vil få konsekvensar for resten av elva.

– Eit stort utslepp ville vorte teken av havstraumane og sendt olja både på land og lenger nordover. Eit oljeutslepp her ville kunne nå Lofoten på rundt ei veke.

BEKYMRA: Dagleg leiar ved Runde Miljøsenter, Nils-Roar Hareide. Foto: Even Ørjasæter

Silda som gyt på Mørebankane tilseier rundt éin prosent av all fisk som vert fiska i heile verda, og på eit godt sildeår kan så mykje som 10 millionar tonn fisk leggje egga sine der. Denne rogna har ei vekt på to til tre gonger Noregs befolkning. Hareide meiner at dersom dette hadde vore på land ville området ha vore totalfreda for lenge sidan. 

– Du kan jo sjå for deg kva som ville ha skjedd om nokon ville bore etter olje i eit område som sto for éin prosent av den totale matproduksjonen i verda. Ingen ville ha tenkt tanken ein gong. Området ville ha vorte naturreservat for lenge sidan.

Hareide stiller seg også kritisk til politikarar som meiner ein kan inndele havbotnen inn i forskjellige sonar for fiskeri og oljenæring.

– Du kan ikkje seie at her kan ein fiske og her kan ein bore etter olje, det går ikkje an. Heile kysten er eit samanhengande økosystem og kan ikkje berre delast inn i sonar.

Betre føre var

Fiskebåtreiar Petter Geir Smådal på nottrålaren «Smaragd» er einig i at ein bør la Mørebankane vere i fred, og grunngjev dette med føre-var-prinsippet.

HELLER FØRE VAR: Fiskebåtreiar Petter Geir Smådal. Foto: Even Ørjasæter

– Som fiskarar er vi vande med at det er føre-var-prinsippet som gjeld. Dersom vi ikkje veit noko, så bør vi berre la det vere. 

Samstundes kjenner han seg trygg på at resultatet av ei eventuell konsekvensutreiing vil konkludere med at ein ikkje bør bore etter olje. 

– Noko anna ville ha overraska meg veldig, seier han.

Smådal er meir bekymra for seismikken som brukast under oljeleitinga, der ein skyt seismiske bølger ned mot havbotnen.

– For den vaksne fisken er ikkje dette eit problem, då han berre kan symje sin veg om han føler noko ubehag. Yngelen som ligg i egga, derimot, kan ikkje gjere det, så eg er bekymra for kva følgjer dette kan få.

For konsekvensutreiing

FOR KONSEKVENSUTREIING: Leiar i Volda Høgre, Audun Kristian Høidal. Foto: Privat/Twitter

Leiar for Volda Høgre, Audun Kristian Høidal, er derimot ikkje bekymra for ei konsekvensutreiing, og påpeiker at ei slik utreiing ikkje nødvendigvis vil føre til oljeboring. 

– Ja, det kan vere eit første steg mot oljeboring, men det kan også vere eit første steg mot ikkje å bore. Det kjem an på resultatet av utreiinga. Dersom resultatet viser at det vil få store konsekvensar for miljøet ved å bore, så vert det ikkje noko boring.

Han er også klar på at dersom utreiinga opnar for oljeboring, så vil han heller ikkje vere imot det.

– Dersom utreiinga viser at det er mogleg å bore etter olje utan store konsekvensar for miljøet, så vil vi gå vidare med det, seier han.

OGSÅ FOR: Anbjørn Frislid (Frp). Her saman med Marianne Synnes (H) og Simon Molvær Grimstad (KrF) under debatten på Høgskulen i Volda 7.11. Foto: Ådne Riis Hallås

Anbjørn Frislid frå Framstegspartiet er også einig i at det bør gjennomførast ei konsekvensutreiing. 

– Om utreiinga viser at det er forsvarleg å bore meiner vi at det bør gjerast, seier han, men påpeiker at det ikkje er snakk om å bore rett gjennom rogna.

– Noko eventuell oljeaktivitet der kan ikkje nytte den teknologien vi har i dag. Vi må ha ny teknologi som gjer at vi kan bore etter olje utan å skade rogna, anten frå land, eller på skrå ute i havet.

Han meiner heller ikkje at seismikken blir eit problem.

– Vi kan gjere utreiinga utanfor gytetida, då der ikkje ligg egg på havbotnen, seier han.

Møreblokkene vart også heftig diskutert under valdebatten i kantina på Høgskulen. Du kan lese meir om det her.

Olje og fisk går hand i hand, men ikkje i fødestovene

MOT UTREIING: Gruppeleiar i Herøy Arbeidarparti, Svein Gjelseth. Foto: Even Ørjasæter

Svein Gjelseth sit i kommunestyret i Herøy, ei av dei største fiskerikommunane i landet. Han er gruppeleiar i Herøy Arbeidarparti, med fortid på Stortinget. Gjelseth er negativ til ein konsekvensutreiing, og meiner at omsynet til fisken må komme først. 

– Eg meiner at omsynet til fiskerinæringa må komme først. Fisken er ein evigvarande ressurs om vi forvaltar han rett.

Han påpeiker at olje og fisk kan gå greitt i lag, berre ikkje inne i fødestovene.

– Vi har sett at fiskeri og oljeverksemd kan gå hand i hand, men vi har aldri vore inne i fødestovene før, og vi bør heller aldri gjere det, seier han alvorleg.

Nærnett var også ein tur på Hareid og spurde folk kva dei tenkjer om saka. Sjå resultatet i videoen under.


Video: Andreas Håkonsen