Mørenett blir flytta til Dragsund

Mørenett blir flytta til Dragsund

MISNØGD: Stein Aam (Sp) kjempa til siste slutt for å behalde Mørenett i Ørsta.

Det blei vedteke på generalforsamlinga i Tussa Kraft AS onsdag.

Ordførar i Ørsta, Stein Aam (Sp), var den einaste som tok ordet da saka blei handsama.

– Mi plikt å stå opp for dei tilsette

– Eg er nøydd til å røyste imot. I april stod Ørsta og Volda samla i denne saka. Så har det skjedd at Volda har endra syn. 

Han meiner at Volda og alle dei andre kommunane på Søre Sunnmøre som eigarar skulle ha sendt eit «nabovarsel» om at saka hadde endra seg.

– Det var uheldig at vi i Ørsta fekk vite dette gjennom pressa, seier Aam til Møre-Nytt (bak betalingsmur). 

Ordføraren i Ørsta seier at dei han tenkjer mest på, er dei tilsette.

– No er åtti prosent av dei tilsette i Mørenett busett i Ørsta og Volda. Om ti år trur eg åtti prosent vil vere busette i ytre. Då er det mi plikt å stå opp for dei tilsette i Ørsta og Volda, seier han vidare. 

Overraska over korleis Volda gjekk fram

Aam understrekar til Møre-Nytt at sjølv om det har vore litt heitt mellom Ørsta og dei andre eigarkommunane i Tussa på Søre Sunnmøre, vil ikkje dette utfallet påverke vidare samarbeid på andre stader.

Aam fortel vidare at han likevel opplever Volda sin handlemåte som skuffande.

– Det overraska oss alle korleis Volda gjekk fram. Eg er samd med Volda KrF i at det burde ha vorte sendt eit «nabovarsel».

– Kan godt hende eg burde ha ringt

Jørgen Amdam (Ap) fortel til Nærnett at det var ein hektisk periode, før Volda valte å endre standpunkt i saka.

– Det kan godt hende at eg burde ha ringt han (Aam, journ.anm), men det var ein hektisk periode før styremøtet til Tussa, seier Amdam.

Han er likevel ikkje redd for at mange av dei tilsette som bur i Volda og Ørsta vil flytte til ytre grunna flyttinga av Mørenett.

– Det er såpass kort pendlingsavstand at den risikoen er liten, meiner han.

– Dersom Mørenett hadde blitt flytta til Ørsta, i lag med Tussa 24 vil det vere snart 50 arbeidsplassar som over tid blir overført frå Herøy til Ørsta/Volda. Denne saka har mange sider som er vanskeleg å få fram, legg han til.