Grøn industri først

Næravisa - kommentar

Illustrasjon: Isabel Haugjord

Sunnmørsposten skreiv måndag 18. september om Geir Arne Solheim frå Vågsøy som no realiserer bølgekraftverk festa til båt. Det tydar at ein kan få båtar som lager delar av energien sin sjølv, fornybart og med null utslepp. Solheim har jobba tolmodig med prosjektet i heile 19 år. No er patentane endeleg snart klare til å bli kommersialisert. Utstyret kan produserast ved lokale verft, noko som altså vil skape grøne arbeidsplassar. 

Den 21. september opna kongen Waves4Power sitt testanlegg for bølgekraft utanfor Runde. Det er det første bølgekraftverket som lykkast i å levere straum til land, utan å sjølv bli smadra av bølgene. Selskapet Stryvo frå Stryn skal no 
masseprodusere bølgekraftbøyer  i Vanylven. Det grøne skiftet spirer forsiktig fram. Det kunne ha gått mykje fortare.

Før vi går vidare er det verdt å minne om nokre konsekvensar av eskalerande klimaendringar: lokalt har vi flaumen og skadane i Utvik. Globalt kan vi kaste eit blikk på Aust-Afrika og Jemen der 1,5 millionar barn svelt ihel, grunna ekstremtørke. Visst har det alltid vore flaum og tørke i verda, men katastrofane slår til stadig hyppigare og kraftigare no, grunna auka drivhuseffekt og dermed høgare temperaturar på kloden. 

All energiproduksjon, også den fornybare, påverkar naturen, til dømes i form av arealbeslag. Derfor blir det feil å vere ihuga tilhengar av éin type produksjon, og på religiøst vis tru at dette skal frelse verda. Svaret er ikkje enten hydrogenproduksjon, vindkraft, bølgekraft, tidevasskraft, bioenergi osv. Det vi treng er eit mangfald av energikjelder, spesial-tilpassa lokale produksjonsfortrinn og behov.  Bølgekraftverk er ideelle for å erstatte dieselaggregata på norske oppdrettsanlegg, på same måte som bølgekraft på båtar ser ut til å vere  prima for å redusere behovet for fossilt drivstoff der. Men til for eksempel lastebilar, kan lokalt produsert biodrivstoff eller hydrogen vere vegen å køyre. Uansett treng vi politiske vedtak som favoriserer dei grøne verksemdene.

Lat oss kaste eit blikk på partiprogramma, og finne dei beste politiske forslaga. Vi ser bort ifrå diffuse setningar om «å satse på», eller «greie ut» og konsentrerer oss om konkrete og detaljerte forslag, som vil gi innovativ, grøn 
industri konkurransefortrinn. Vi står då faktisk berre att med to parti sine program. 

Venstre vil auke avskrivingssatsen på klimainvesteringar i 
industrien til 30 prosent. I Norge er den no på 20 prosent, i mellom anna Tyskland på 30. Eg ringte Geir Arne Solheim, og spurte om kva for tiltak han kunne tenke seg. Han meiner at det mest effektive tiltaket er om kundane er garantert ei økonomisk godtgjering  ved å gå over til deira teknologi. Vi kan dermed slutte at auka avskrivingssats ville vere eit godt tiltak. Begge partia vil bruke eit statleg investeringsselskap til å investere i grøn teknologi. Det høyrest fornuftig ut, då det gir gründerar større finansiell tryggleik. Men som Solheim peikar på: det føreset at staten faktisk er villig til å ta risiko, ellers er eit slikt tiltak null verdt. MDG vil flytte offentlege forskingsmidlar frå oljeindustrien til innovasjon i grøne næringar. Dette er viktig, då politikk faktisk handlar om å prioritere. Venstre vil også auke dei årlege tilskota til utvikling av nullutslippsteknologi gjennom blant andre Innovasjon Norge. 

Dei grøne, risikovillige verskemdene må gis større fortrinn. Verda treng at dei vinn konkurransen, no. 

Tarjei Engeset Ofstad

Tarjei Engeset Ofstad

Les flere artikler fra Tarjei Engeset Ofstad.

Journalistikkstudent ved Høgskulen i Volda. Særleg interessert i sakar som verdrører både næringsliv og natur- og miljøvern, samstundes.