Treningsjenta Maren

Treningsjenta Maren:

Maren har blitt gjenkjent på gata på grunn av Instagramprofilen hennar. Foto: Privat

Maren Solem har nesten fire tusen følgjarar på Instagram. Ho meiner folk bør slutte å samanlikne seg sjølve med kvarandre og heller fokusere på utviklinga på si eiga trening.
 

– Eg byrja på treningssenter for å trene opp foten min, men etter kvart fekk eg meirsmak av treninga og har fortsett med det sidan, fortel ørstajenta. Maren fortel at ho har alltid har vore aktiv med både fotball og handball, men måtte slutte på grunn av belastning i kneet. Det var då ho fekk auga opp for styrketrening.

Maren fortel ivrig om hennar store lidenskap, trening.
Foto: Synnøve Solstad Hefte

   Maren fortel at ho byrja med styrketrening då ho var 15 år gamal. Ho seier ho har fått meir erfaring og bevisstheit rundt trening med åra enn då ho fyrst starta. No har ho meir fokus på å trene for at ho har lyst, og ikkje fordi ho må.   

   – Trening har blitt ein naturleg del av kvardagen min, og blitt noko eg ikkje klarar meg utan. Det er ein stor hobby for meg og eg har funnet gleda i det, påpeikar Maren.

Inspirerar andre

Ho fortel at det ikkje har vore uproblematisk å drive på med sosiale medie på ein liten stad.

   – Eg byrja skikkeleg med å legge ut bilete av treninga mi på Instagram for to år sidan. I byrjinga var eg veldig skeptisk på å legge ut bilete med tanke på at eg kjem frå ein liten stad. Eg visste ikkje korleis dette kom til å bli teke i mot.  

Etterkvart som ho la ut bileter fekk ho fleire positive tilbakemeldingar.

   – Det har også skjedd at både kjente og ukjente har kome bort til meg på treningssenteret eller gata og fortalt at eg motiverte og inspirerte dei. Maren

fortel vidare at ho endå ikkje har fått negative tilbakemeldingar for det ho gjer.

   Det er mange som tek kontakt med ho på sosiale mediar for å spørje ho kva ho trenar og tips om treninga. Ho får også spørsmål om kosthald eller oppskrifter når ho har delt bilete av mat.

   – Dette motiverer meg meir med å fortsette med det eg brenn for, seier ho smilande.

Balanse er nøkkelordet

Maren Solem trenar frå seks til sju dagar i veka, men ho tek også utgangspunkt korleis veka hennar ser ut. Maren seier trening har blitt viktig fordi ho frå den åleinetida ho treng. Ho er stor fan av kvardagsaktivitetar og fjellturar. Sjølv om 21-åringen likar å trene har ho eit avslappa forhold til både trening og kosthald.

   – Eg er veldig oppteken å ha balanse i kvardagen. Kunsten er å kunne balansere trening i lag med det sosiale.

   Maren seier ho har funnet ut at nøkkelen til suksess er nemleg å klare å halde denne her balansen. Ho har fokus på å balansere treningsmåla sine og eit bra kosthald saman med kvardagslivet elles. Det er viktig å halde seg i aktivitet og ha gode matvanar men det skal ikkje gå ut over det sosiale livet, meinar ho. 

   – Ein skal ikkje vera alt for streng med seg sjølv. Viss eg for eksempel har lyst på ein sjokoladebit på ein måndag, så et eg det utan å ha dårleg samvittighet i fleire timar etterpå.

 Solem er også oppteken av at det ikkje finnes nei eller ja mat. Ho meiner det er inntaket og mengda det heller går på når det er snakk om mat og kosthald. Ho legg vekt på at det er viktig å gjere det som er best for ein sjølv.

 

Maren har ein inspirerande Instagram feed. 
Skjermdump: Synnøve Solstad Hefte

– Eg har stor fokus på å bli den beste versjonen av meg sjølv og at eg ikkje skal tenkje at eg skal bli som nokon andre. 

 Trening handlar om så mykje meir enn om kropp og utsjånad. Aktivitet er godt for både kropp og sjel, men alt i alt er det viktigaste det  å ha det bra med seg sjølv. Ein skal gjere det ein sjølv likar.  

   – Nokon gongar trenar eg det eg følar for, mens andre gongar trenar eg hardt og målretta. Men det er fordi eg har lyst og ikkje fordi eg følar eg må.

Fokuser meir på deg sjølv

Eg trur feilen mange gjer er at dei gir alt på kvar treningsøkt til dei er heilt utslitt for å føle dei har trent godt nok. Det er då viktigare å kjenne etter kva du sjølv meistrar og heller finne ein aktivitet som passar for deg. 

   Då vil det klare å halde i det lange løp. Maren meina også at me må alle fokusere mindre på det ein ser i spegelen, då kjem resultata etterkvart. Det er erfaringar ho sjølv har gjort i løpet av åra.  

  – Balansen med å gjere noko du trivest med og ikkje alleresultata du skal få, meiner Solem. Ho har også stor fokus på kva trening gir ho, nemleg meir overskot, glede og betre livskvalitet.

Marens seks treningstips:

1. Bli di eiga motivasjon: Fokuser og bli inspirert av di eiga utvikling

2. Lag deg mål som passar for deg og ditt eiga utgangpunkt

3. Sett mange små mål i staden for mange store: Då er det mykje lettare å fullføre dei.

4. Ikkje samanlikn deg sjølv med andre: Hugs at du aldri kan vera nokon andre enn deg sjølv.

5. Smør deg inn med tolmodigheit: Resultata vil kome etterkvart

6. Fokuser på noko du likar, då blir treninga mykje lettare!