Næringslivsprisen 2016 gjekk til Norhus Ørsta AS

Næringslivspris-utdeling Norhus

NØGDE: Som ny vinnar fekk Norhus Ørsta AS 25 000 kr og eit symbolsk minne i premie. 
F.v.: Hans Olav Myklebust (leiar i generalforsamlinga), Sigrun Heltne Vartdal, Einar Holsvik og Lauritz Holsvik. 
Foto: Camilla Viken

Måndag kalla Sparebank 1 Søre Sunnmøre inn til pressemøte i Hovdebygda, Ørsta. Høvet var kunngjering av den ferske vinnaren av næringslivsprisen. Norhus Ørsta AS stakk av med sigeren. 

Sparebank 1 Søre Sunnmøre sin næringslivspris vert utdelt til bedrifter eller enkeltpersonar som har fremja utviklinga i lokalsamfunnet det siste året. Vinnaren skal stå for nyskaping innan produktutvikling, produksjonsmetodar eller utvikling av marknaden. Bedrifta eller personen skal ha bidrege til utvikling av regionen. Desse kriteria opplyser sparebank1.no om. 

Tidlegare vinnarar av Næringslivsprisen har som oftast vore ulike bedrifter, men med jamne mellomrom har enkeltpersonar teke med seg prisen. I fjor var det Rekkedal Gjesthus som vann, medan det i 2014 var Grøvik Verk AS. Døme på andre bedrifter som har vunne han, er Bygg 1 Produkter AS, SafeRoad Group og Ørsta/Volda Lufthavn. Dei siste vinnarane av prisen som var aleine om han, er Ottar Vartdal i 2013 og Martin Brænne i 2012.

Sparebank 1 Søre Sunnmøre byrja med utdeling av Næringslivsprisen i 1996. Den har vorte delt ut kvart einaste år, med unntak av i 2002, 2003, 2009 og 2010.

Banksjefen om årets pristakar: – Norhus er ein verdig vinnar

Sigrun Heltne Vartdal, banksjef for bedriftsmarknaden, starta pressemøtet i Hovdebygda med å annonsere vinnaren av Næringslivsprisen for 2016. Ho kunne røpe at Norhus Ørsta AS er den nye vinnaren.

– Det var mange kandidatar til prisen, men det var ingen tvil om kvar sigeren skulle hamne, seier Heltne Vartdal.

Ho kunngjer at Norhus Ørsta AS har gjort seg fortent til prisen, ved å ha fremja utviklinga i lokalmiljøet og løfta fram bustadbyggjing.

– Dei har vore bidragsytarar til bustadar ved å ha effektivisert byggjeprosessar. Kjeda er i vekst og er eit satsingsområde, seier Vartdal til den lille forsamlinga i Norhus-byggjet.    

Takksam gründer

Lauritz Holsvik, gründer og styreleiar i Tema Holding-konsernet, gjev Sparebank 1 Søre Sunnmøre honnør for å vere ein framifrå samarbeidspartnar. 

– Det er ei stor ære og takk å få denne anerkjenninga. Ho vil setje fotavtrykk i historia vår. For oss er produktet ein berebjelke. Ein skal kjenne att designet, seier Holsvik. 

Norhus Ørsta AS fekk utmerkjinga på pressemøtet i 13-tida måndag, men den offisielle utdelinga av prisen skjedde i generalforsamlinga på Hotell Ivar Aasen i Ørsta kl. 18.00 denne dagen. Dette fekk vi vite av banksjef Heltne Vartdal. 

Stor auke i Norhus-kjeda

Dagleg leiar Einar Holsvik fortel at konkurransevilkåra er vorte tøffare. Likevel hadde Norhus Ørsta AS ein auke på 20 % i fjor. 64 millionar har så langt kome inn i år. Det er ti millionar meir enn til same tid i 2016.

Vidare informerer Holsvik om at Norhus har kontor i Oslo, i Sandefjord og på Vestlandet. Eit stort prosjekt held på i Bergen for augneblinken. Han uttalar at Norhus etablerer seg fyrst i Nesodden-området, og at kjeda satsar i dei store byane.

Norhus-kjeda har per dags dato 167 tilsette i ulike selskap. Aksjeselskapet i Ørsta har tretten tilsette i dag.