– Vi snur dersom ambulansen ringer

– Vi snur dersom ambulansen ringer

Oftare enn ein gong i veka køyrer ferja mellom Volda og Lauvstad ekstraturar på natta for at ambulanser på utrykking skal kome seg fram til sjukehuset.

Med åtte ferjestrekningar berre på Søre-Sunnmøre er naudetatane avhengige av å ha eit godt samarbeid med skipperar og resten av mannskapet på ferjene i området for å kome seg raskt på plass ved utrykkingar.

Berre på nattestid køyrer ferja på ferjestrekninga mellom Lauvstad og Volda mellom 60 og 70 ekstraturar i året for å frakte ambulansar på utrykking over fjorden.

På beredskapsferjer, slik som Volda-Lauvstad-ferja er, blir det jobba skift på natta, til tross for at ferja då ligg til kai på Lauvstad. Då skal mannskapet ombord vere klare til å bistå utrykkingskøyretøy på kort varsel.

– Når vi får ein telefon på nattestid får vi på oss kleder og vekkjer resten av mannskapet, så er vi klare til ambulansen kjem, fortel skipper Ola Ose. 

Og dersom dei på dagitd får ein oppringing om at ein ambulanse er på vei, og dei allereie har lagt frå kai, nølar dei ikkje med å snu.

– Vi snur dersom ambulansen ringer frå kaia vi er på vei vekk frå, det er ikkje ein diskusjon, seir han.

Sjå heile reportasjen frå Nærsynet om korleis det er på ferjer når ein ambulanse ringjer i videovindauget øvst i saka.