– Vi forventar å ligge i toppen

Bergsøy vil sikre opprykket som glapp i fjor

I fjor var det målskilnad som måtte til for avgjere kven som skulle rykke opp frå 4. divisjon på Sunnmøre. Då var det Aalesund 2 som trakk det lengste strået føre Bergsøy. I år vil Bergsøy kjempe om opprykket på ny. 

I tillegg til kamp om opprykket, klarte Bergsøy å ta seg til andre runde i NM Cupen, etter å ha slått Aalesund 2-1 i første runde, før Kristiansund blei for sterke i den andre runden med ein 6-0 siger.

I år er ikkje forventningane noko mindre. Frank Sverre Skorpen, assistenttrenaren i klubben, trur dei kan kjempe om opprykket i år også, i tillegg til å vere med så lenge som mogleg i Cupen.

– Vi forventar å ligge i toppen, og vi skal vere gode nok til å kanskje vinne 4. divisjon i år, seier Skorpen før sesongen blir sparka i gang.

I tillegg til dette håpar både trenarar og spelarar på avansement til første runde i Cupen i år også. Det einaste som står mellom dei og denne runden i Cupen er Averøykameratane på laurdag.

Sjå heile reportasjen frå treningsfeltet til Bergsøy i videovindauget øvst i saken.