Millionprosjektet som skal gi lærarstudentane digital kompetanse

Forrige veke opna Læringsverkstaden på Høgskulen i Volda i forbindelse med DigiGLU-prosjektet, som skal gi lærarstudentar eit betre digitalt grunnlag før dei skal ut i praksis og arbeid.

DigiGLU-prosjektet, kort for Digital kompetanse i grunnskulelærar utdanninga, er eit prosjekt Høgskulen i Volda arbeider med i samarbeid med Utdanningsdirektoratet. 

Læringsverkstad

Som ein del av dette prosjektet har det blitt oppretta ein Læringsverkstad for grunnskulelærarar-studentar ved Høgskulen i Volda, der dei kan samlast for å få hjelp med digitale utfordringar og førebu seg på det som måtte møte dei i arbeidslivet.

– Den digitale utviklinga går veldig raskt, noko som betyr at lærarstudentane må ha ein forståing for kva ein skal bruke, når ein skal bruke det og når ein ikkje skal bruke det, fortel Synnøve Amdam, som er prosjektleiar for DigiGLU.

– Det er dette som er hovudpoenget med prosjektet. Og desse digitale ressursane må ein også øve seg på å bruke, og då er Læringsverkstaden ein stad å øve, seier ho.

Stønad frå Utdanningsdirektoratet

I denne læringsverkstaden finn ein fleire digitale hjelpemiddel som lærarstudentane kan øve seg på. Blant desse finn ein til dømes ein 3D-printer, Micro:bits som ein nyttar ved programmering, skap med ulike nettbrett og VR-briller, slik at studentane får prøvd seg på det meste.

Men alle desse hjelpemidla er ikkje billige, og for å dekke desse kostanadane har Høgskulen i Volda fått stønad frå Utdanningsdirektoratet.

– Utdanningsdirektoratet har ansvaret for prosjektet, og Høgskulen i Volda er ein av fem institusjonar som har fått midlar frå Udir. Volda har fått nærare 20 millionar, for å jobbe med korleis ein skal utvikle den digitale kompetansen til studentane og dei tilsette, fortel Amdam.

Ein fordel for studentane

Og studentane er svært positive til prosjektet.

– Det er veldig nyttig for oss som skal ut i praksis å ha ein stad der vi kan lære oss om dei digitale verktøya som dei nyttar ute i skulane, slik at vi har ein kompetanse før vi reiser ut i praksis og slepp å bruke tid på det då, fortel lærarstudent Mari Sundgot Saunes.

– Det kjem til å gi meg ein stor fordel ved at eg allereie vil ha kompetanse om mykje av det som dei brukar i skulen, før eg er ferdig utdanna. Då vil eg ha ein fordel og slepp å setje meg inn i det når eg byrjar å jobbe, fordi eg allereie kan å bruke det, seier ho.

Sjå reportasjen frå Nersynet øvst i vindauget, og høyr Radio Volda sin reportasje under.