Vil ha med fleire på diskgolf

Lågterskelidretten for alle

Fleire gongar i veka tek Oddbjørn Molvik og Stian Åkvik turen til Årneset for å spele diskgolf, ein sport som kanskje er ukjent for mange.

Diskgolf, også kjent som frisbeegolf, er ein sport dei fleste kan drive med. Alt ein treng er i grunnen ein disk, eller frisbee, og ein korg å kaste i. I Volda er der ein eigen diskgolf-bane ved Årneset, der alle som måtte ønske det kan boltre seg fritt.

Kostar lite

Sjølv om det kostar lite å drive med denne sporten fortel Stian og Oddbjørn at det er få som driv med diskgolf i Volda, og at dei som driv med det har blitt ein liten kjerne av rutinerte spelarar.

– Vi ønskjer veldig å få opp rekrutteringa, og vi tar gjerne i mot andre som ønskjer å lære seg sporten, seier dei. Frå og med 1. april skal "måndagsgolfen" starte opp igjen, der alle er velkomne til å kome og prøve seg fram, og lære av dei rutinerte utøvarane.

Stian visar fram sine diskar. Til saman har han rundt 25 diskar i bagen sin.
DISKAR: Stian visar fram diskane han har i bagen sin. Til saman trur han at han har kjøpt rundt 65 diskar gjennom åra som aktiv diskgolfar.

Og for å starte opp med sporten er det ikkje alt for mykje som skal til.

– Du kan kjøpe ein startpakke på ein sportsbutikk. Dei kostar rundt 400 kroner, og då får du alt du treng for å kunne starte opp, seier Stian. 

Konkurransar i Norge og Europa

Diskgolf har, som namnet tilseier, fleire likheitstrekk med vanleg golf, der ein skal bruke færrast mogleg kast frå utkastsona til korga. Poeng blir rekna utifrå kor mange kast det er forventa at ein brukar på eit gitt hull, og jo færre poeng du sikrar deg, jo betre har du gjort det. Sjølv om mange av dei som kastar diksgolf kanskje gjer det på fritida som ein hobby, er det også moglegheit for å delta på turneringar og konkurransar i sporten.

– Eg har nærast vore Norge rundt for å konkurrere. Det lengste eg har vore innanlands er til Bodø. Eg har også vore i Nederland og spela EuroTour, men det største eg har vore med på er nok EM i Sveits i 2014, sier Oddbjørn.

Under EM i Sveits enda Oddbjørn på 16. plass i juniorklassen. I tillegg til dette har han også ein topp 20 plassering frå NM, medan han vann juniorklassen i EuroTour i Skottland i 2015.

For dei som ønskjer å konkurrere i diskgolf, blir det arrangert konkurransar i heile landet, mellom anna Norgescupar og norgesmeisterskap, samt fleire lokale turneringar. I Volda har ein Volda DiskGolf Open som blir arrangert på hausten.

Det var i denne konkurransen Stian oppnådde sitt beste resultat i ein diskgolf-turnering så langt.

Disken ligg perfekt oppi korga på toppen av haugen.
TREFF: Her har Oddbjørn nettopp truffet blink.

– Eg er ikkje komen så langt at eg har delteke i nokon meisterskap, slik som Oddbjørn, men eg har nokre turneringar bak meg. Det beste resultatet var her i Volda i fjor, då eg enda på fjerdeplass. Det er eg fornøgd med, seier Stian, før han ser bort på Oddbjørn og held fram med eit smil: 

– Eg kunne tatt deg, hadde eg spelt litt betre.

Mykje leiting

I ein slik sport er det fleire hinder som møter utøvarane. Vêret er eit av desse.

– Det mest utfordrande er vinden. Særleg her på vestlandet med kastevind som er vanskeleg å berekne, seier Oddbjørn.

Og når vinden tek tak i disken kan den raskt dreie ut av kurs, og forsvinne i skogen. Dei to spelarane fortel at det ofte går mykje tid med på å leite etter bortkomne diskar.

– Det lengste eg har brukt på å leite etter ein disk er seks månadar. Ikkje kontinuerleg vel og merke, eg gjekk ikkje kvilelaust rundt i seks månadar og leita etter den, men den var borte i seks månadar. Ein dag bestemte eg meg for at eg ikkje skulle reise heim før eg hadde funnet disken, og til slutt fann eg den i elvekanten, kila fast mellom eit par tre, fortel Stian.

Begge utøvarane har sett diskar forsvinne i både skog og vatn, men det stoppar ikkje dei to. Og dersom du tek turen til Årneset denne våren er sjansen stor for at du treff på dei.