Blei hardt råka av flaumen i Olden

Blei hardt råka av flaumen i Olden

Då det oppstod flaum i Olden natt til måndag redda John Andreas Skarstein fleire hus takka vere gravemaskina si og rask tenking. Men prosjektet han har arbeidd med den siste tida stod ikkje til å redde.

Då fleire elver byrja å renne over sine breidder i Olden natt til måndag, blei 25 personar evakuerte. På same tid brukte John Andreas Skarstein gravemaskina si til å grave nye løp for ei av elvene som hadde rent over.

– Dersom eg ikkje hadde hatt gravemaskina mi her, så trur eg at tre hus iallfall hadde fått vatn i kjellarane sine, og fått ein del skader, fortel Skarstein til Nærsynet.

 Hatt problem med elva tidlegare

Men dette er ikkje første gongen Skarstein opplever problem med denne elva. I sommar bestemte han seg for å leggje denne elva i rør for å unngå desse problema. 

– Eg var eigentleg 95 prosent ferdig med heile prosjektet. Det var berre noko arbeid som gjenstod, men så gjekk det som det gjekk då, seier han. 

Arbeidet har kosta bonden rundt 100.000 kroner, og no blir han nøydd til å byrje på prosjektet på ny. 

–  Alt arbeidet har gått tapt no, og det kjem sikkert til å koste like mykje, om ikkje meir å lage det til ein gong til, seier han.

Du kan sjå heile reportasjen om flaumen i Olden i videovindauget øvst i saken.