KFUM Volda med draumestart i Eliteserien. – Magisk, seier trenar

Drøymer om Europa

Etter det ein kan kalle ein perfekt start på årets sesong, drøymer KFUM Volda volleyball sin trenar om Europa-tur.

VOLDA: For første gong på 43 år var KFUM Volda Volleyball sitt damelag denne helga tilbake på norsk volleyball sitt øvste nivå, Mizunoligaen. Det nyopprykka laget viste tidleg styrke i sesongen.

På laurdag var det TIF Viking som fekk li, då KFUM Volda gjekk sigrande ut av sesongopninga med 3-1 siger. Allereie dagen etter var Førde på besøk i Voldahallen, men heimelaget viste heller ikkje denne gongen nokon gjestfriheit på bana, då dei vann 3-0.

Tenkjer langsiktig

Etter ein draumestart på sesongen kan det vere lett å la seg rive med, men KFUM Volda Volleyball sin trenar, Vladislav Todorov, beheld beina planta på bakken foreløpig.

– For oss er det veldig viktig å halde oss i Eliteserien, og vise at vi har ambisjonar og ønskjer å spele volleyball på høgt nivå. Framover kjem vi til å møte mange sterke lag og då må vi prøve å gi alt vi har, sa Todorov til Nærnett etter kampen.

Med dei to første kampane i havn ligg KFUM Volda på toppen av tabellen, saman med Randaberg som også tek med seg seks poeng frå helgas kampar. Todorov meiner dette er stort for det nyopprykka Volda-laget.

– Det er jo dette som er magisk. Eg trur ikkje at du ser det mange stadar, at eit nyopprykka lag vinn to kampar på rad i sesongopninga, så dette er veldig bra for oss, seier han.

Todorov gir instruksar til sine spelarar under ein time-out
INSTRUKSAR: Vladislav Todorov er alltid aktiv under kampane til KFUM Volda Volleyball, og veit kva som skal bli sagt for å inspirere sitt lag til siger.

Men den entusiastiske trenaren ser også vidare framover, forbi årets sesong, og håpar han kan ta med KFUM Volda Volleyball damene på eit eventyr om nokre år.

– Vårt hovudmål er å forbetre oss fysisk og mentalt, slik at vi kan byggje ein sterkare klubb og eit sterkare lag, seier han.

– Når vi i framtida får ein ny arena på plass ønskjer eg å dra til Europa med dette laget, og spele europeiske cupar.

– Stemninga er heilt rå 

KFUM Volda spelte begge sine kampar på heimebane i Voldahallen, framfor godt over hundre tilskodarar begge dagane. Lagets kaptein, Vilde Femsteinevik Stakseng, er full av lovord om dei frammøtte.

– Stemninga var heilt rå blant publikum, den var mykje betre enn den har vore tidlegare, fortel ho til Nærnett etter kampen.

Vilde Femsteinevik Stakseng smiler breidt etter kampen.
GLAD: Vilde Femsteinevik Stakseng smilte breidt i intervjusona etter kampen.

Dette var også spelarane sin første smak på spel på det øvste nivået i Norge, og for Stakseng var dette ei positiv oppleving.

– Det er utruleg kjekt å spele i Eliteserien. Nivået på volleyballen er naturlegvis høgare, det går mykje raskare, det er fleire kombinasjonar og vi må jobbe mykje hardare enn vi har gjort tidlegare, seier ho.

– Men det er jo det som er kjekt, å kunne heve seg og få utfordra seg endå meir.

Har overraska seg sjølve

Etter sigeren mot Førde klarte ikkje Stakseng å skjule gleda over resultata laget hennar har oppnådd i løpet av den første helga med kampar denne sesongen.

– Eg er veldig stolt av laget som klarar å dra i land ein 3-0 siger så tidleg i sesongen. Vi har ikkje møtt Førde tidlegare, så vi var veldig spente på denne kampen, og vi var ikkje sikre på at vi kom til å slå dei, sa ho.

– Men så viser vi at vi klarar å halde eit høgt nivå heile vegen. Sjølv om vi har litt berg-og-dalbane innimellom, så drar vi det i land, og det er det viktigaste.

Stakseng sleit også med å skjøne kor god start laget hadde fått på sesongen denne helga, etter to av to sigrar.

– Det er framleis litt vanskeleg å ta det innover seg. Vi hadde sett for oss at det kom til å bli nokre fem-setts kampar, og at det blei jamnare enn det enda opp med å bli. Så vi er kjempefornøgde, og litt overraska over oss sjølve.

No ser ho framover mot utfordringane som ventar for det nyopprykka laget.

– Det kjem til å bli ein utruleg spennande og jamn sesong. Neste helg møter vi Randaberg som har eit svært høgt nivå, så då trur eg det blir ein litt annleis kamp. Eg trur det vil bli mange kampar som når fem sett denne sesongen.