Fleire anmeldelsar i Volda – færre på Søre Sunnmøre

Statsbygg

Volda skil seg ut med aukande tal på anmeldte lovbrot, trass motsett tendens på Søre Sunnmøre. Frank Lande i Statsbygg er blant dei som har erfart kriminaliteten.  

 

Det anmeldast stadig færre lovbrot i landet sett under eitt. Trenden er også gjeldande for alle kommunane på Søre Sunnmøre – men ikkje Volda.

Frank Lande er ein av dei som har måtte tåle innbrot og tjuveri. Den veltrente, godt vaksne mannen er driftsleiar for Statsbygg på campus i studiebygda. Klokka sju ein morgon førre haust, som første mann på jobb, såg han at hovuddøra var ope. 

Han visar korleis tjuvane først hadde klart å bende opp garasjedøra nok til å kome seg inn, trass i ein solid hengelås. 

Tok brekkjarnet

Der forsyna dei seg med arbeidshanskar, vernebriller og, praktisk nok, brekkjarn.

– Dei trong sikkert tinga til andre jobbar, kommenterer Lande og klarer ikkje å dy seg frå å humre. 

Vidare gjekk tjuvtoktet opp til kontora i andre etasje der to laptopar vart tatt. Den eine, som var Landes egen, klarte politiet å finne og returnere.

​Frank Lande og Statsbygg har no installert nye alarmar og overvakingskamera som sender bilete direkte til eit sikkerheitsselskap.

Meir politi til Volda enn Ørsta

Volda sin statistikk har gått ein annan veg samanlikne med naboane. Kan det vere at folk har så stor tillit til politiet at dei vel å anmelde meir av den grunn? Kanskje det ikkje er meir kriminalitet i det heile tatt? Volda og Ørsta har same lensmannskontor, og i Ørsta føljar tala trenden på Søre Sunnmøre elles.

– Vi sender fleire patruljar til Volda sentrum enn til Ørsta sentrum, seier lensmann Guttorm Hagen.   

Eit fåtall som er kriminelle

Hagen synest ikkje at den ferske statistikken er særleg dramatisk, men bekreftar trenden. Av ein rekke ulike lovbrotskategoriar, er det rus og eigedomstjuveri Volda kjem verst ut i.

 I følge Hagen er det snakk om eit fåtal personar som dreg opp statistikken.  

– Vi har individ i Volda som har problem med rus og psykiske plagar og som gjer kriminelle handlingar. Nokon av desse sonar no straff, seier han.

Lensmannen trur at 2017 blir eit rolegare år. Han oppmodar likevel til å vere nøye med å låse hus, bil og garasje.  

Lovbrudd Volda

 

Tarjei Engeset Ofstad

Tarjei Engeset Ofstad

Les flere artikler fra Tarjei Engeset Ofstad.

Journalistikkstudent ved Høgskulen i Volda. Særleg interessert i sakar som verdrører både næringsliv og natur- og miljøvern, samstundes. 

Faktaboks:

  • Statistisk sentralbyrå (SSB) publiserte 06.03.17 sin nye tall for anmeldte lovbrot i Noreg.
  • Tala er rekna i lovbrot per 1000 innbyggarar med gjennomsnitt over to år   
  • Frå 2013-2014 til 2015-2016 steg tala frå 36,4 til 42,3 i Volda,
  • Landsgjennomsnittet sank frå 67,7 til 63,7 i same periode.
  • Det utførast 21,4 lovbrot meir per 1000 innbyggarar i løpet av 2015 og 2016 på landsbasis enn i Volda.  Høge tal frå Oslo, er noko av grunnen