Sjå første Nærsynet-sending 2017 her!

Nærsynet 28.02

Unormalt mildt vær har gjort det mogeleg for folk å gå på Rotsethornet midt på vinteren. Derfor ber Tormod Eldholm i Røde Kors folk vere forsiktige når dei tar turen opp på det som blir kalt «Noregs farlegaste fjell». 

Karane i Lokalradio Vest skal halde fram med å sende over FM-nettet. Det vil dei at folk skal vite om. NRK får kritikk for å ha overdrive kor mykje av radiotilbodet som skal over på DAB.  

Volda sitt A-lag skal prøve å rykke opp att frå fjerdedivisjon komande sesong. Dei hamna midt på tabellen i fjor, men på grunn av at seriesystemet vart spissa til, måtte mange lag ned. Lokale talent er ingrediensane som skal sørge for at laget rykkar opp raskt.

Du får også møte Jonathan Åmot Olsen, ein av verdas beste fotballtriksarar. Om du er svolten på meir kan vi røpe at du også får bli med å utforske ein av dei nye thaimat-bodene som har dukka opp i Volda.

Ansvarleg redaktør: Linda Eikrem
Programleiarar: Andreas Søvik Helgeberg og Beate Muren
Produsent: Jakob Wessel Hildrum
Lyd: Malin Saue Johansen
Vaktsjef: Tarjei Engeset Ofstad

 

Tarjei Engeset Ofstad

Tarjei Engeset Ofstad

Les flere artikler fra Tarjei Engeset Ofstad.

Journalistikkstudent ved Høgskulen i Volda. Særleg interessert i sakar som verdrører både næringsliv og natur- og miljøvern, samstundes.