Første sending på DAB er i boks

Radio Volda når ut til endå fleire

DAB: Radio Volda kan du endelig få inn på din DAB-radio.

På måndag hadde Radio Volda si første sending på DAB-nettet, etter fleire års arbeid med å modernisere seg. 

Høgskulelektor, og ansvarleg redaktør i journalistikk-studentane sine radio-sendingar på Høgskulen i Volda, Jørgen Warvik Lyngvær, kan fortelje at det har blitt arbeidd mot å få Radio Volda på DAB-nettet i lang tid.

– Eg kan hugse at vi i 2013 søkte om å få pengar frå Høgskulen for å kome oss på DAB, og så har det gått gradvis framover. Så fekk vi litt pengar frå Medietilsynet for å gjere overgangen, så det er deilig at vi endeleg er over på DAB, fortel Lyngvær.

Det var tidlegare i vår at Nernett kunne melde om at  ein i framtida kunne lytte til Radio Volda på DAB-radio, og på måndag hadde dei sin første sending på det nye, utbeitra nettet.

Spent programleiar

Det at sendingane no kan høyrast på DAB-radio gjer at Radio Volda sin kanal når heilt til Ålesund, der sendingane på FM-nettet berre dekka området på Søre-Sunnmøre. Dette gjer at endå fleire lyttarar får sjansen til å høyre journalistikk-studentane sine sendingar i deira praksis-periode.

Det mogleg store publikummet gjorde at det var ein spent programleiar som fekk æra av å leie Radio Volda si første sending på DAB.

– Eg var ganske spent før eg trykke på "On Air"-knappen, for eg visste at vi har moglegheita til å nå ut til endå fleire. Men når ein kjem inn i det så går det greitt, og så synes eg at det er veldig god øving at vi har gått frå FM og at vi moderniserer oss saman med resten av medienorge, sa Helene Steinfeld Monsen etter sendinga på måndag.

Same dekningsområdet

Men sjølv om ein no når eit større publikum på DAB-radio, vil ikkje Radio Volda sitt dekningsområde endre seg. Dei vil framleis levere siste nytt frå Søre-Sunnmøre.

– Vi har framleis det same dekningsområdet, men vi veit at vi gjerne har fleire lyttarar. Det gjer at vi kanskje skjerpar oss eit lite hakk, og leverer endå betre sendingar. Vi får øvd oss på å levere til eit større publikum, seier Monsen.

I tillegg til å no sende på DAB-radio, vil det framleis vere mogleg å lytte til sendingane til Radio Volda på FM-nettet, og internettet.

– Så no har ein fritt val. Ein kan velje mellom FM, DAB og internett, seier Lyngvær.

Du kan sjå heile reportasjen om Radio Volda si første sending på DAB i vindauget øvst i saka.