Frå White Hart Lane til Høddvoll

Robin Shroot

ANDRE HEIM: Robin Shroot har vore i Hødd og Ulsteinvik i 3 år etter han flytta frå kjæresten og familien i London. Framtida held han open. Foto: Sondre Skandsen.

Han spelte FA-cup kamp mot Gareth Bale på ein av dei mest ikoniske stadionane i England, før han forlot han kjæresten og familien for å fortsette fotballeventyret i Norge og Ulsteinvik.

På gamle Høddvoll sit Robin Shroot. Ein Nord-ire som vaks opp i hjertet av London. I 2012 fant han ut at han ville spille i utlandet. Etter litt om og men endte han opp i Ulsteinvik og Hødd.

– Det er vanskeleg å svare på korleis eg kom hit. Eg ville spele i utlandet og Hødd trengte ein spelar. Eg sjekka ut Ulsteinvik på google-maps og eg vart heilt satt ut. Berre sju tusen innbyggarar og bokstaveleg talt berre nokre hus og ei fotballbane på toppen av bakken, forklarer Robin Shroot.

– Sånn er livet og fotballen. Ein kan ikkje planlegge alt og eg har hatt 3 flotte år så langt, legg Shroot til.

Bli bedre kjent med Robin Shroot i videoen under:

Spelte mot dei store stjernene i FA-cupen

Vi spoler tilbake til starten av 2012. Før reisen til Søre Sunnmøre var eit faktum. Robin Shroot skulle då med sin dåverande klubb, Stevenage, spele FA-cup kamp mot sjølvaste Tottenham på White Hart Lane. 

– Eg husker eg stod i spelartunellen før kampen. Der stod Gareth Bale, Rafael Van der Vaart og Jermaine Defoe. Du vert litt satt ut, men når du kjem ut på bana er det akkurat som ein vanleg fotballkamp, seier Nord-iren.

Vi viser eit klipp frå kampen og vi kan sjå ansiktet gløder av stolthet og minnene straumar på.

– Den første berøringa av ballen var at eg vendte vekk ein av dei store stjernene. Eg skulle ønske eg kunne sei at det var Gareth Bale, men han spelte på den andre sida av bana. Eg trur det var Van der Vaart. Vi spelte oss rundt Scott Parker og Kyle Walker, og eg hugser eg sprang mot mål med alle Tottenham-supporterane bak meg. Då innsåg eg kor stort dette var, forteller Shroot mens han ser på klipp frå kampen.

– Det var surrealistisk på alle måter. Men vi fortjente å vere der og det er noko eg aldri vil gløyme, fortel han om retur-kampen som Tottenham vant 3-1, etter 0-0 på Stevenage si heimebane, Broadhall Way.

TRENAR: Robin Shroot ser ikkje vekk i frå å vere trenar for eit akademi i framtida. Foto: Ole Kristian Svalheim.

Mogleg framtid som trenar

29 år gamle Robin Shroot har gjennom si tid i Hødd spelt over 70 kampar og har vore på lån til Eliteserie-klubbane Sogndal og Viking. Ein anna viktig del av fotball-livet til denne gentlemannen frå balløya er å trene andre. I desse dager er han trener Hødds J16-lag.

– Det er noko eg ikkje ville vere foruten. Eg følar eg lærar meir av dei enn dei lærar av meg for å vere ærleg. Moglegheiten til å sjå korleis dei utviklar seg frå veke til veke er fantastisk og eg får den samme følelsen som når eg scorer eit mål i ein kamp, fortel han.

– Kunne du tenkt deg å vere trenar sjølv i framtida?

– Eg vil ikkje sjå på meg som ein hovedtrenar for eit lag. Men om eg har lyst å jobbe innafor eit akademi eller juniorlag? 100% ja, seier Robin Shroot.

1260 km frå kjæresten og familien

Etter 3 år i Norge kjenner Robin Shroot saknet etter kjæresten og familien heime i London.

– Det er klart det er tøft. Eg og kjæresten min har vore sammen i åtte år og ho er heilt ubeskriveleg. Ho og familien har veldig forståelse for karrieren min, og kjæresten min har vore ein viktig del av reisa mi. Det var ukomfortablet å reise frå dei, forklarer Shroot.

Sjølv meiner han det er viktig å vere mentalt sterk i desse situasjonane.

– Ein må vere flink til å tilvenne seg og passe inn i samfunnet. Hadde eg vore svak mentalt hadde eg reist heim etter fem minutt, men her sitter eg i dag. 3 år etterpå og eg føler eg har gjort eit inntrykk, fortel han.

Korleis framtida til Robin Alexander Edward Shroot vil sjå ut er usikkert, men ein ting er klart. Han sakner heimlandet.

– Eg vil alltid ha ein fin tilknyttning til Ulsteinvik og Hødd, men eg er ein storby-gutt frå London. Det her er ein midlertidig heim, men vi får sjå kva framtida bringer, fortel Shroot.

TRIVAST:
TRIVAST: Sjølv om Robin Shroot trivast i Hødd og Ulsteinvik legg han ikkje skjul på at han sakner kjæresten og London. Foto: Sondre Skandsen.