– Det er ein dyr affære, men det er ein fin affære for å ha mange nok på trening

Skal lade opp til sesongstarten i Tyrkia

I fjor unngjekk dei nedrykk då dei enda på 10. plass i 4. divisjon. I år vil dei klatre på tabellen, og for å førebu seg til den nye sesongen tar dei turen til Tyrkia i påska.

– Det er det beste med den gjengen her, at vi får dra på treningsleir og har det kjekt. Det gjer noko med samhaldet i gruppa, seier Rikard Johannes Osnes. Han håpar at Hareid i år skal klare og unngå nedrykket på ny, og tek alt som er betre enn det som ein rein bonus. 

Det er ikkje mange 4. divisjonsklubbar som reiser til sydlegare strøk for ein treningsleir før sesongen, og trenar Kenneth Moldskred fortel at det er gjennom dugnadsarbeid at laget har fått midlar til å ta turen til Tyrkia.

– Det er ein dyr affære, men det er ein fin affære for å ha mange nok på trening under fine forhold, seier Moldskred til Nærsynet.

Du kan sjå heile reportasjen i videovindauget øvst på sida.