Ørsta IL Fotball er optimistiske inn mot ein ny sesong

– Vi ser på oss som eit betre lag enn Volda

Om ein knapp månad blir sesongen spraka i gang for Ørsta IL Fotball sitt herrelag. Og målet er enkelt - å forbetre seg frå i fjor.

På sine sju treningskampar så langt i sesongoppkøyringa har Ørsta Fotball scora 17 og sluppet inn 19 mål. Assistenttrenar Tony Ristesund håpar scoringsformen blir med inn i sesongen, samtidig som at laget tettar igjen bakover.

I fjor enda Ørsta på 7. plass i 4. divisjon, og i år håpar dei på å ta fleire steg i riktig retning når sesongen blir sparka i gang i slutten av april. 

Ein av nøkkelkampane denne sesongen blir naborival Volda. 16. mai skal dei to laga møtast på Volda Stadion, og Ristesund er optimistisk.

– Vi slo dei i fjor, og målet vårt er å slå dei på Volda Stadion også. Volda kjem alltid sterkare og sterkare når sesongen byrjar, så vi får sjå, men målet vårt er å slå dei. Vi ser på oss som eit betre lag enn dei no, seier assistenttrenaren til Nærsynet.

Ein av treningskampane Ørsta har spela var mot nettopp Volda, som har slitt med skader i oppkøyringa mot den nye sesongen. Den kampen vann Ørsta overbevisande 6-1.

Du kan sjå heile reportasja frå Ørsta sin trening i videovindauget over.