Volda siktar høgt trass i mange skader

Optimisme i Volda-leiren trass skadekrise

Kiropraktor-benken i Volda-garderoben er sjeldan ledig ein månad før sesongen skal sparkast i gang.

Trass i mange skader i sesongoppkøyringa, er Volda-leiren optimistiske før sesongen skal sparkast i gang.

Under sesongoppkøyringa har skader følgt Volda sin tropp tett, og på eit tidspunkt var 12 spelarar ute med skade. Dette har gjort det vanskeleg å bygge relasjonar på bana, men Volda siktar likevel mot å kopiere fjorårets fjerdeplass i ligaen.

Sjå meir frå Volda-leiren i forkant av sesongen i videovindauget øvst på sida.