– Vi har innhaldet, no er vi klare for å flytte inn i ny hall til neste år. 

Volleyballturnering-reaksjonar

NØGD: Turneringsleiar Leif Røv gler seg til å flytte eliteturneringa inn i nye Volda arena neste år. FOTO: Skjermdump/Nærsynet. 

REAKSJONAR: Tilbakemeldinga frå klubbane har vore utelukkande positiv etter helgas eliteturnering i Volda, melder turneringsleiar Leif Røv til Nærnett

– Det er først og fremst det sportslege utbyttet vi er ute etter når vi arrangererer denne turneringa. Det har vi fått god tilbakemelding på, seier turneringsleiaren rett etter siste kamp i Voldahallen søndag. 

Nærnett møtte Røv rett etter siste kamp var avgjort, der tapte Førde mot rivalen Viking, med hans eigen son, bursdagsbarnet Kristan Røv på det tapande laget. Sjå kampen i opptak her

UNDER OPPVARMING: Vikning-spelarar under oppvarming i Voldahallen. FOTO: Kyrre Fitje

Vidare i intervjuet fortel Røv at klubbane også var godt nøgde med det sosiale på turneringa:

–  Vi får også tilbakemelding på at det er gode og trygge rammer rundt turneringa. Vi hadde mellom anna ein «gallamiddag» der alle spelarar og frivillige møtte på Berte Kanutte laurdag kveld, det var veldig velykka. Det er bra at vi har ein sosial arena på turneringa. 

– Tok ansvaret

Dette er tredje året på rad at KFUM Volda arrangerer turnering for elitelaga i Norge. Også dei tidlegare åra har tilbakemeldinga vore gode. 

– For to år sidan fekk vi med oss at elitelaga her til lands gav tilbakemelding om at dei sakna ei eliteturnering dedikert til dei før sesongstart, for å kunne forberede seg best mogleg inn mot ein ny sesong, forklarar Røv om oppstarten til turneringa. 

– Vi å ta utfordringa frå eliteserielaga, og tok ansvaret for å arrangere ei eliteturenering her i bygda same året. Det første året var så suksessrikt at vi valde å forsette å arrangere og vidareutvikle turneringa. Den er komen for å bli. Vi har allereie eit godt og gjennomført produkt som vi er klare til å flytte inn i den nye hallen til neste år, avsluttar turneringsleiar Røv til Nernett. 

God trening inn mot sesong

Trenar for KFUM Volda damer, Vladislav Todorov, var også godt nøgd etter helgas kampar. Men er klar på at laget ikkje endå er heilt klare til sesongstart neste helg. Nernett snakka med trenaren etter deira siger mot NTNUI. 

– Eg er ikkje heilt nøgd med dei siste to setta. Vi er vinnar på papiret, men vi har endå ting å jobbe på, forklarar trenaren og held fram. 

– Vi greiar ikkje å fullføre jobben. Vi såg dette under kampane på fredag også, vi begynner sterkt i det første settet, men så fell vi litt frå det utover i andre sett. Vi mistar rett og slett konsentrasjonen, spesielt på dei lettare ballane. 

– Vil ha endå meir 

Todorov fortel vidare at han er glad for moglegheita til å møte fleire gode lag, og at dei fekk eksprimentere med mellom anna nye blokk-taktikkar gjennom turneringa. 

– Eg er nøgd med at vi får moglegheita til å utfordre oss på mange gode lag. Vi fekk prøve oss på fleire forskjellige blokk- og serve-teknikkar, det er god trening.

Bulgararen nøgd med sigeren, men ønskjer endå meir frå jentene. 

– Vi tapte i går, men vann i dag. Det er positivt, men turneringa handlar først og fremst om å bygge laget inn mot sesongen. Vi er gode no, men eg vil ha endå meir frå laget. 

BERG- OG DALBANE: Det er orda Volda kaptein Vilde Stakseng brukar til å beskrive kampen mot NTNUI

– Litt berg- og dalbane 

Trenaren sine poeng vert støtta av kaptein Vilde Stakseng. 

– Vi gjer eit godt første sett, også raknar det litt utover andre. Men vi kjemper oss inn at, og det er heilt ærleg litt uvant for vår del. Det er kjekt for oss, seier Stakseng og held fram.

– Kampen var litt som ei berg- og dalbane, for å sette ord på det. 

No gler Stakseng seg til sesongstart. 

– Vi synes det er kjekt å kunne hevde oss litt mot så gode lag. Vi må bli betre på serve-mottak, slik at vi ikkje blir like forutsigbare for motstandaren.