Kjenner på kroppspresset frå sosiale media

Natalie Intervju

–Det er lov å ha dårlege dagar, og vonde periodar, men hugs alltid på at du ikkje er aleine! Foto: Privat

Natalie slit med depresjonar og kroppsbildeforstyrring. Ho vil at fleire skal våge å snakke om problema sine, sjølv om det alltid finst andre som har det verre.

Kor lang tid tok det før du skjønte at du hadde eit problem?

– Det tok ganske lang tid. Når eg starta å trene, opphaldt eg meg fleire timar  på treningsenteret om dagen, og trente ofte fleire økter. Eg ignorerte advarslar frå mine næraste, ettersom dei som såg meg i ny og ne, gav meg kompliment for utsjånaden. Eg åt bevisst mykje mindre enn kva eg burde. På ein ”bra dag”, klarte eg å unne meg nesten 1000 kaloriar.

– Eg prøvde ut fleire diettar, og det ga meg eit lite rush å halde på slik. Men, det førte til at eg svima av fleire gonga. Eg såg ikkje problemet, før familien min gav meg eit skikkeleg spark bak.

INGEN DANS PÅ ROSER: Natalie meiner det er viktig å kunne snakke om det som er vondt. Foto: Privat.

Kva er det du slit med?

–  Når eg er deprimert, tek eg i periodar avstand frå alle, til og med familien min, fordet eg følar meg som en byrde for dei. Eg følar meg usynleg, og skjønar ofte ikkje kva eg gjer med livet mitt. Det går betre no, men eg har hatt ein unøyaktig kroppsoppfatning av meg sjølv, og overestimert kroppsstorleiken min. Det førte til at eg utvikla eteforstyrring,  

Fikk du hjelp hos psykolog/helsesøster/rådgjevar eller liknande?

– Eg var hos fastlegen min for ein samtale, som henviste meg til psykolog. Eg har delvis fått den hjelpa eg treng, men slit fortsatt med mitt. Det er ikkje fort gjort å kome seg ut av tilstanden, men det er ein prosess i seg sjølv og eg er på bedringens veg.

Les del ein om kroppspress

Kva tykkjer du helsevesen og skular kan bli betre på når det kjem til spiseforstyrringar?

– Det er skilnad på skular og helsevesen, uavhengig av kvar i landet ein er. Til dømes  hadde eg ei venninne som sleit psykisk, som følge av drastisk vekttap, dårlege matvanar, og samlivsbrot. Ho blei henvist til helsetenesta ein stad i Midt-Noreg, kor ho fikk beskjed om at det var hennar eigen feil at ho sleit.

– Høgskulen i Volda bør vise betre at dei har eit tilbod for dei, som slit. Eg visste ikkje om at skulen hadde eit slikt tilbod før fastlegen min nemnde det, og då var eg allereie inne i andre semester av utdanninga.

Les del to om kroppspress

Trur du sosiale medier som Instagram aukar kroppspresset?

– Eg har stor tru på at sosiale medier aukar kroppspresset. Men det er klart at det er forskjellig frå individ til individ. Nokon følar mykje på det, men andre ikkje merkar noko særleg.. Det kjem veldig ann på kva ein er oppteken av. Eg hadde stort fokus på min eigen kropp, noko som gjorde at sosiale medier gav meg eit urealistisk sammenligningsgrunnlag. Kroppen blei aldri perfekt nok, fordet eg samanlikna meg sjølv med andre.

PÅVERKA AV SO-ME: Natalie følte på kroppspresset. Foto: Privat

Du er sjølv aktiv på Instagram og i sosiale medier, føler du at det er viktig å vere open om problema sine?

– Det spørst om ein vil det. Eg har sjølv valt å skrive nokre innlegg, både på Facebook og Instagram, om problema mine. Både for min eigen del, og for å auke medvitet rundt problemstillinga. Eg vil vise andre at livet ikkje alltid er ein dans på roser, at det er lov å ikkje ha det godt heile tida. Og at det ikkje er noko skam i å vise at ein slit.

Trur du mange som slit, ikkje blir sett?

– Det trur eg faktisk. Mange tør ikkje snakke om slike problem, anten det er eteforstyrring, ein form for depresjon eller angst. Noko som er ganske trist. Det er nesten så ein ikkje får åpne munnen sin når ein har det vondt, og når ein slit. – For det er jo alltid nokon, som har det verre.

Korleis går det med deg i dag?

– Det går betre med meg i dag. Eg har fått eit godt forhold til mat og trening, og klarar å kombinere det. På den fronten er eg sjukt stolt over meg sjølv. Eg har tredobla kaloriinntaket, og skapt meg eit bra nettverk her i Volda, som har hjulpe meg i dei tunge stundene.

På betringens veg Foto: Privat

Har du nokon tips til folk som trur dei kan ha eit problem?

– Snakk om det! Anten det er med venar, familie, eller profesjonelle. Det er lov å ha dårlege dagar, også vonde periodar, hugs alltid på at du ikkje er aleine!

Korleis held du deg sjølv frisk?

– Eg har endeleg klart å setje grense for meg sjølv! Når alt starta hadde eg ein innflytelse i livet, som eg trudde var bra for meg. Men, som viste seg å vere rota til problemet. Eg har kutta ut ein del folk fra livet mitt, som påverka meg på feil måte. Ein personleg trener har og hjulpet meg med å utvikle eit sunt forhold til mat og trening, og viktigast av alt, så unna eg meg sjølv i å ha det godt!

David Fiskaa Foto: Liv Aarberg

For studentane i Volda, som slit psykisk, vil eg anbefale å ta ein prat med David Fiskaa. Han er velferdsansvarleg på Studenttinget, og lett å snakke med. Psykologen Vidar Myklebust, er også veldig dyktig. Om du sitter inne med noko, kan du og kontakte meg for å snakke om det, for eg meina at ingen skal gå rundt å ha det vondt med seg sjølv. Eg unna ingen å gå rundt med dei kjenslane eg har hatt.