NAV stoppa dagpengane

NAV-sak

EKSAMEN: Hallvard ville berre ta ein femtimers eksamen. FOTO: Ingrid Telset Heltne.

Hallvard Fylling (23) mista jobben som mekaniker i Aker Solutions i august. Han trenger ein fem timers eksamen for å ta fagbrev som industrimontør. Det godtok ikkje NAV. Han vart tvungen til å velge mellom fagbrev eller dagpengar.

Hallvard vaks opp i Volda. Han begynte på elektrofag ved Ørsta videregåande skule, og kombinerte det med mekaniske fag andre året. Etter yrkesfag tok han påbygging i allmennfag ved Volda videregåande skule. Så reiste han vidare til førstegangstjenesta i militæret og vart dekksmann/matros i sjøforsvaret. Han fortsatte å bu i Bergen etter militærtjenesta og fikk fast jobb i Aker Solutions på Ågotnes. Her jobba Hallvard i drøye tre år.

I august 2016 var oljekrisa eit faktum. Hallvard mista jobben samtidig som omlag 170 arbeidskolleger på Ågotnes. Han meldte seg dermed arbeidsledig på NAV, der han fekk dagpengar samtidig som han søkte fleire jobbar. Han søkte 50 ulike jobber, og svarene han har fått er at han hadde hatt sjangs til å få jobben dersom han hadde hatt eit fagbrev.

Hallvards løysing
Hallvard prøvde å finne ei løysing. Han fant ut at hvis han tok ein fem timers skriftlig eksamen som privatist, ville han deretter kunne ta fagbrevet som industrimontør.
– Eg var ansatt som mekaniker i Aker. Eg har året i militæret, og skuleåra frå yrkesfag som gjer at eg tilsaman har meir enn fem år med arbeidserfaring. Då kan ein gå opp som privatist, og eg kan ta fagbrevet uten å ha vore «lærling». Eg snakka med ein konsulent i fylkeskommuna og ho sa at det var nok erfaring, seier han.
Fagbrev vil dermed ikkje vere langt unna, og slett ikkje uoppnåelig for Hallvard.
– Etter eksamen må eg finne ei bedrift, mest sannsyneligvis Aker siden eg har jobba der, men eg kan også prøve andre bedrifter. Eg kan spør om eg kan få vere der i to veke og jobbe gratis, og ta fagprøva der. Om eg består har eg fått fagbrev.

NAV reglene
Det gjekk ikkje slik Hallvard hadde planlagt i haust. Han melde seg opp til ein fem timers eksamen i IMO3102-Industrimontørfaget, betalte ekamensavgifta, og sendte ein bekreftelse til NAV om at han hadde meldt seg opp til eksamen.
– Slik reglane er i NAV må du søke om lov til å ta eksamen, for å få beholde dagpengane. I mitt tilfelle er eg ikkje student ved ein skule. NAV tolka det slik at eg no er blitt student fordi utdanninga til fagarbeider er eit lengre studieløp. Men eg kan ikkje få studielån til ein slik eksamen, da eg ikkje er knytta til ein skule eller ei utdanning, seier Hallvard.

NAV-vedtaket
NAV behandla Hallvard sin søknad, og vurderinga deira er slik:
«Du er under utdanning uten å følge undevisning og etter NAVs vurdering kan ikke godkjennes som kveldsstudent. Fordi du følger ikke en organisert undervisningstilbud som er basert på fjernudervisning eller at det ikke finnes skole eller et fast opplæringssted med undervisningstilbud innen rimelig reiseavstand. Du vurderes derfor etter vilkårene for rett til dagpenger under utdanning på fulltid. Det gis avslag på utdanning med rett på dagpenger fordi undervisningen foregår innenfor normal arbeidstid».

Konklusjonen til NAV er at Hallard Fylling ikkje får beholde dagpengane.
«Etter NAVs vurdering er eksamen i IMO3102-Industrimontørfaget en del av lengre studie og ikke et kortvaring utdanning som i sin helhet kan gjennomføres og avsluttes i løpet av tre måneder. Det gis avslag på utdanning med rett på dagpenger fordi undervisningen foregår innenfor normal arbeidstid og utdanningen ikke gjennomføres og avsluttes i løpet av tre måneder».

VEDTAKET: Dette var svaret Hallvard fekk frå NAV.


Ønsker ikkje å sitte heime
Hallvard bur i eit nyoppussa hus i Bergen og skal gifte seg til sommaren. Eksamenen han var meldt opp til skulle vore 31 januar i år.
– Eg kunne klage men det ville tatt opp til 22 veker. Då prøvde eg å forklare at ingen kan overleve uten pengar i 22 veke. Då fekk eg høyre frå NAV at eg enten kunne ta opp studielån eller forbrukslån. Men du får ikkje studielån til ein kort eksamen, det er ikkje eit studium. Så eg kom ingen veg. Så eg måtte berre melde meg av, for eg har ikkje råda til ikkje å ha pengar.
Hallvard påpeikar at det ville vore ei gylden muligheit både for han sjølv og for NAV om han hadde fått gått opp til eksamen. Då ville han raskt komt seg ut av NAV-systemet.
– Eg stiller ikkje mykje krav, eg vil berre få eit fagbrev eller noko nytt som går an å bygge noko på. Å sleppe å sitte heime er det viktigaste. Eg føler at eg går på veggane og blir nedtrykt, fortel Fylling.  

I dag går Hallvard Fylling framleis på dagpengar frå NAV. Næravisa har gjentatte gangar bedt NAV om å få deira kommentar. Svaret vi fekk frå alle våre ulike NAV-kontakter var slik:
– Det er vanskelig å uttale seg om ei konkret sak, der ein ikkje kjenner til alle saksforholda. Vi vil ikkje kommentere enkeltsaker.