Nede, men ikkje ute

Nede men ikkje ute

TRU PÅ OPPOSISJON: Fredric Bjørdal frå Arbeidarpartiet trur Erna skal få det tøft. Foto: Even Ørjasæter

Sjølv om Arbeidarpartiet ser ut til å gjere eit labert val, vil ikkje Fredric Bjørdal svartmale situasjonen.

ÅLESUND (Nærnett): – Det er klart at vi ikkje har gjort ein god nok jobb, seier Bjørdal til Nærnett.

Takkar veljarane

Sjølv er Bjørdal sikra fire nye år på Stortinget.

– Eg har blitt vald inn igjen med god margin, og vil sjølvsagt takke veljarane for tilliten. Eg vil gjere mitt beste for å representere veljarane og Møre og Romsdal best mogleg.

Styrka opposisjon

Sjølv om Frp og Høgre ser ut til å bli dei store vinnarane i valet, trur ikkje Bjørdal at dei vil få det lett.

– SV og Sp har gjort eit kjempeval, så samla sett er opposisjonen på Stortinget styrka. Erna vil få store vanskar med å styre.

Bjørdal trekk også fram at han ikkje trur det blir noko samarbeidsavtale mellom Høgre, Frp, KrF og Venstre, slik det vart for fire år sidan. 

INNE PÅ TINGET: Steinar Reiten (KrF) kapra utjamningsmandatet frå Møre og Romsdal.
Foto: Even Ørjasæter

Steinar Reiten (KrF) bekreftar dette overfor NRK: 

– Vi skal ikkje ha nokon samarbeidsavtale med Frp, men vere i vanleg opposisjon på Stortinget. 

Samstundes kjem partiet likevel til å vere med å sette inn Frp i regjering. 

Vanskeleg å seie kva som gjekk gale

I skrivande stund har Ap 27,4 prosents oppslutning, 3,5 prosent mindre enn ved førre val. Bjørdal er ikkje sikker på kva det er som har gått gale.

– Eg føler at vi har gjort ein god valkamp, der folk har stått på skikkeleg. Men det er klart at noko har gått gale, så vi må ha ei grundig evaluering i partiet.

Han synes det har vore vanskeleg å få fram saker i valkampen.

– Vi har hatt litt amerikanske tilstandar, der det har vore eit stort personfokus i staden for å fokusere på dei store sakene, seier Bjørdal.

Dei neste åra blir spanande

Bjørdal trur dei neste fire åra blir veldig interessante.

– Det blir ein del bikkjeslagsmål på Stortinget, det er eg sikker på, seier Bjørdal.