Riksmålet inntar bygda

Knud Knudsen

Riksmålet sin far. Knud Knudsen tok opp kampen mot Ivar Aasen. Kampen hadde nok vore enklare i dag. FOTO: Nasjonalga

Den 4. mars 1895 døydde Knud Knudsen, også kjent som bokmålet sin far. Kampen for riksmålet hadde vore enklare i dag.

Knud Knudsen var ein sterk forkjempar for det norsk-danske språket. Og som Ivar Aasen sin sterkaste motstemme, var Knudsen med på å skapa ein debatt rundt det norske skriftspråket som har skrive seg inn i historiebøkene.

Den siste tida

Dei siste vekene har Nærnett skrive om bokmål sitt inntog på Søre Sunnmøre to gonger. Først var det skiltet som var skrive på bokmål. Deretter fekk ein volding ein e-post frå kommunen som verken var skriven på bokmål eller nynorsk. Begge desse tilfella var brot på mållova.

Dette skiltet sto oppført ved Porse Studentheimar tidlegare i år. FOTO: Frida Wattne Lindland

Den nynorske målforma har tradisjonelt stått sterkt i Volda. Utanom Ivar Aasen fanst det sterke stemmer som Rasmus og Marta Steinsvik, Maurits Aarflot og Synnøve Riste for å nemna nokre. Anne Liv Steinsvik Nordal er leiar i Volda Mållag. Ho stadfestar denne patriotismen.

Gammelt bilde fra Ivar Aasen-tunet
Ivar Aasen-tunet. FOTO: Nasjonalbiblioteket

– Ivar Aasen tok utgangspunkt i landsmålet mellom anna frå dialektane her på Søre Sunnmøre.  Folk i området her vart sterkt inspirert av dette og tok del i debatten. Marta Stensvik og fleire kvinner kjempa til dømes i Asker for landsmål, og var ikkje redde for å heva stemmene sine i debatten, seier Nordal.

Bokmål i nyheiter og skule

Dei fleste redaksjonar i Noreg skriv sakene sine på bokmål. Det har òg vore ein tendens over fleire år at kommunar vel bort nynorsk som hovudmål  i skulen. I 2019 var det berre 11,9 prosent av elevane i grunnskulen som hadde nynorsk som hovudmål, ifølgje Statistisk sentralbyrå. Blant mediene er NRK eit unntak. Dei er den største nynorskbrukaren i norske medier med eit krav på 25 prosent nynorsk.

 

Hentet frå boka "Livserindringer Norge og Amerika" af Prost August Wenaas (1935). Gjengitt med tillatelse frå Nasjonalbiblioteket

 

"Den egentlige Voldens Kirkebygd fik vi ikke se, da vi følgene morgen strøk fra Eksæt ad almansvejen til Ørsten-bygden. Voldens hovedbygd fik jeg se først 28 år senere i 1881, da jeg for med ejmskip fra Kristiania til Molde. Men jeg fik ikke sleppe i land, ænda jeg hadde en gammel lærling og fordums forelæser der, Ejnar Schie, dengang sakfører i Volden."

Reiseminner hefte II