Kven sitt val?

Abortsaka

Marit Isene frå Krf og Gudrun Kløve Juuhl frå Raudt har forskjellige meiningar om abort. Foto: Synnøve Hefte

I dag er det kvinnedagen og ein av dei viktigaste temaene som blir teke opp er abort. Regjeringa har hatt lyst til å endre på abortlova, som har skapa mange store debattar rundt om i heile Noreg og i dei forskjellige partia. Eg har intervjua ei kvinne frå KrF og ei frå Raudt for å høyre deira syn på abortdebatten.
 

– Eg må sei eg har grua meg til å snakke om dette, det er eit vanskeleg tema, men derfor det også er viktig å snakke om.

Marit Isenes frå KrF har det siste døgnet tenkt godt igjennom abortsaka og

Marit Isenes meiner me må snakke om konsekvensene av abort. Foto: Synnøve Hefte

konsekvensane av å ta abort. Ho meiner det er eit etisk dilemma kor vidt me definerer fosteret som eit menneske.

–  I dagens samfunn veit me meir om teknologi. Før så trudde me det var ein celleklump, det veit me at det ikkje er lengre, seier Marit Isenes. 

– Eg veit at uansett kva eg seier så kjem det til å ramme nokon, men viss me ikkje snakkar om desse konsekvensane av abort, så får me ikkje til å vera solidariske.

Ho meiner me må ruste dei andre generasjonane på kva abort vil innebere. Samtidig seier ho at teknologien har latt oss styre meir enn me kunne før.

– Men vil me utsette oss sjølve for dette? spør ho.

Det er ein verdi i kvart menneske

 

– Me bestemmer over eit uønskt svangerskap til veke tolv. I praksis så bestemm me lengre enn dette viss me ikkje ynskjer å ta abort, seier Isenes som meiner problemet dagens ordning er problematisk.

– Problemet er at viss me definerer det unfanga fosteret som eit liv, så har me ein rettsstat som ikkje forsvarar det livet før etter veke tolv, seier ho og legger vekt på at det ufødte bornet då er eit laust individ.

– Dette mennesket, viss me i det heile definerer det som eit menneske, har ingen forsvarsadvokat. Er det rettsvenleg? spør ho. 

KRF-kvinna stiller også spørsmål om kven det eigentlig dreie seg om i abortsaka. Ho peiker på at mange seier det berre har med kvinna og hennar rett til å bestemme over eigen kropp å gjere. Og det at man ikkje kan blande inn ein baby som er avhengig av mors kropp for å leve. 

– Er det berre kvinna det dreie seg om eller er det også bornet? 

Isenes refererar til ein undersøkning frå sjukehuset. Der seier ho at dei har tal på at kvinner som tek avgjersle om abort ilag med mannen, har det lettare enn dei som står aleine med valet. Undersøkninga viser også at dei som har det verst, er dei som har kjent seg pressa til å ta abort mot deira egen vilje. 
Ho meiner det er naturleg å vere lei seg når ein ikkje får den støtta ein treng. spesielt om ein kjenner seg tvunga til å ta abort uten å sjølv ville det.

– Eg tenkjer at me skal vera solidariske med kvarandre. Me må støtte kvarandre og vise kva skadeverkningar dette har.  
Når alt dette er sagt, må me kvinner stille opp for kvarandre uansett kva val ein tek.

 Retten til å bestemme over si eiga kropp

 Gudrunn Kløve Juuhl frå Raudt seier at ho har blitt skremt etter att regjeringa har prøvd å stramme inn abortlova.

Juuhl meinar kvinna veit sjølv om ho klarar å gjennomføre ein abort. Foto: Synnøve Hefte

– Mitt syn er at sjølvbestemtabort er utruleg viktig for at damer i det heile tatt skal ha kontroll over sitt eiga liv, så det er utgangspunktet mitt, seier Juuhl. 

Ho fortel at ho derfor blir skremt av alle slags forsøk på å stramme inn rettigheitene rundt abort. Ho føler det har vore utydeligheiter for kva det inneber, men at det er eit tydeleg forsøk på innstramming. 

– Det er eit stort problem. For kvinner må få lov til å  bestemme over sitt eiga liv.

Ein veit best sjølv

– Eg trur damer veit sjølv om dei kan klare å gå gjennom ein abort. Dei veit sjølv om dei har dei krefta dei treng for å gå igjennom denne prosessen.

Ho meiner at både den norske og den svenske abortlova, legg til rette for at ein må ta omsyn for både mor og barn under svangerskapet. 

– Det går jo ikkje an å lage eit foster utan å ha ein kropp som det kan bu i. Så da tenkjer eg at ein må ha omsyn for kvinna som bærer barnet. At ein har sjølvbestemt abort inntil ein viss tid, er ein god måte å balansere omsyn mellom kvinna og fosteret, meiner Juuhl. 

Juuhl påpeikar også at det er forskjell på korleis ein reagerar på abort. Ho trur det vil vere vanskeleg å kartlegge om det å ta abort aukar risikoen for psykisk sjukdom hos den enkelt. Ho legger vekt på at grunna til at ei kvinne velger å ta abort, kan vere forskjellig frå noken andres grunn. Derfor kan det også vere vanskelegare for noken enn for andre. 

Må verte lettare å få born 

Kva syns du om at Erna Solberg sa i nyttårstalen at nordmenn skulle produsere fleire barn?

- Eg meiner at viss politikarane vil at me skal få meir born i Noreg, så kan dei ty til fleire tiltak sånn at det blir lettare å få born. Betre permisjonsreglar, barnehage og betre støtte for dei som ikkje har jobb. Også er det jo dette med jobbsikkerheit, at ein ikkje tør å få barn viss ikkje man er sikker på at ein har  fast jobb.

Gudrun hadde fredag appell for SV på Det grøne treet sitt arrangement. Her var det talar, appellar, kvinnedagskviss og kulturinnslag. Gudrun syntes det var eit veldig bra tiltak medan det ikkje vart tog i år. Der var alle velkomen til ein feiring av kvinnedagen.