Volda har størst auke i arbeidsledige i fylket det siste året

Arbeidsløyse i Volda

Tal frå NAV syner at 139 personar er arbeidsledige i Volda kommune. Dette er ein auke på heile 67 prosent frå same tid i fjor. Ingen andre kommunar i Møre og Romsdal har ei like stor endring i arbeidsløyse.

Tala tilsvarer 3 prosent av arbeidsstyrken i Volda kommune. Samla i Møre og Romsdal har arbeidsløysa gått ned med 9 prosent samanlikna med i fjor, til 3 321 personar, eller 2,4 prosent av arbeidsstyrken. På landsbasis er det om lag
1 500 færre arbeidsledige enn på same tid i fjor.

Hareid er den kommunen i fylket som har prosentvis flest arbeidsledige, med 3,9 prosent. Vanylven har færrast med 1,1 prosent.

Oddvor Follestad Hovden er marknadskoordinator for NAV på Søre Sunnmøre. Ho seier at særleg ei hending har hatt stor innverknad på statistikken. 

– Det vi reknar med er årsaka til tala, er at KA Aurstad gjekk konkurs.

Sjølv om tala samla sett peiker nedover det siste året, understreker Follestad Hovden at utviklinga har snudd sidan januar.

– Den siste månaden har tal arbeidsledige i Volda gått ned med sju personar.

Ny drift i Aurstad

Då K.A. Aurstad gjekk konkurs i desember i fjor, vart 212 tilsette ramma. Ein del av desse var busette i Volda. Ikkje lenge etter konkursen, i januar, vart drifta starta opp att gjennom dotterselskapet Aurstad Tunnel AS.

Jo Stian Tverberg er administrerande direktør i Aurstad. Etter at drifta vart starta opp att, har om lag 70 personar blitt tilsette i Aurstad Tunnel AS.

– Personane som er tilsette i dag arbeida i hovudsak i K.A. Aurstad. 

Direktøren legg til at mange av dei som fram til desember var tilsette i K.A. Aurstad er busette andre stader, og dermed har fått seg nytt arbeid der. Han seier og at nokon av dei som mista jobben nok er utan arbeid enno. Likevel han ser positivt på framtida.

– Dersom vi vinn nye anbod framover, kan vi nok tilsetje fleire.