Alice tek forholdsreglar - kjøper meir mat

Best å vere føre var

Alice Kristiansen er redd det blir mangel på varer når koronasituasjonen eskalerer. FOTO: Emma Hoff. 

Det er observert hamstring i fleire dagligvarebutikkar. Kundane ser likevel rolige og blide ut, men passar på at dei har eit lite lager i tilfelle koronakarantene. Helseministeren anbefaler å ikkje hamstre. 

Torsdag ettermiddag er det mange kundar på Kiwi Volda. Ingen av dei Nærnett snakka med var på eit direkte hamstreoppdrag, men hadde ein mulig heimekarantene i bakhovudet under handelen. Fleire barnefamiliar passar på å kjøpe basisvarer som kveitemjøl og havregryn. 

Alice Kristiansen førebur familien på ein eventuell heimekarantene. FOTO: Emma Hoff 

Alice Kristiansen seier at ho ikkje er hysterisk, men tek forholdsreglar. Ho tek den vanlege handelen for veka, men kjøper litt ekstra mjøl, gjær, sukker, salt, frukt og grønsaker og sanitetsvarer. 

– Å ha eit lager er uansett ikkje dumt, seier ho. 

Kristiansen fortel at ho jobbar i helsevesenet og har fire born. Torsdag er den tredje dagen ho held borna heime frå skulen. 

– Det er viktig å vere føre var, både når det gjeld smittefare, og når det kjem til å ha eit kriselager med nødvendige forbruksvarer. 

Helseminister, Bent Høie, anbefaler å ikkje hamstre. På pressekonferansen om koronasituasjonen tidligare i dag sa han at daglivarebutikkar kjem til å vere opne.