Krigar om premiar med bingomarkørar

Bingobonanza i Volda

STUDENTAR OG PENSJONISTAR: Bingo på Det Grøne Treet trekkjer til seg fleire aldersgrupper, alt frå 20 til over 80 år. Foto: Niclas Bergh Bugge.

Det var nokså stille, og litt nervøs stemning blant onsdagens bingo-deltakarar på Det Grøne Treet i Volda. Dette var første bingo-kvelden etter ei lang pause.

– Hyggeleg å sjå at så mange ville kome hit i kveld på påskebingo. Vi spelar vanleg bingo, med ei rekke, to rekker og tre rekker i same boks. Tala går frå 1 til 90. Første premie er eit påskeegg fylt med godteri. Alle klare?

Deltakarane nikkar, og sit klare med bingomarkørane sine.

– Flott. Første talet er 75. Talet er 75. Ein banan består av 75 prosent vatn. Då veit dykk det.

Litt latter inn i mellom. Kviskring.

– 42. Talet er 42. Bjørnen har 42 tenner.

Litt meir latter. Ein høyrer kviskring, og nokon som overraska seier «Yeeess, manglar eitt tal». Nokre vert litt urolege. Kanskje dei er nære for å få bingo?

– Ja, her er det lov til å uttrykke kjensler. Neste tal er 13. Talet er 13.

– UUÆÆÆ, BINGOO!!

Kveldens første bingo kom etter 21 tal frå bingomaster Erik Tilseth. Vinnaren kjem fram til Tilseth, og viser han bongen for verifisering av tala. Tala vart godkjent, og vinnaren fekk med seg påskeegget.

Seinare på kvelden vart det også gitt ut gåvekort, Twist, parfymer og sitjeunderlag. Ei god blanding med sponsa produkt frå ulike butikkar og bedrifter i nærområdet.

Bingo
BINGOBONANZA: Mange møtte opp på Det Grøne Treet, i håp om å vinne ein premie. Foto: Lene Flataker.

Alt frå studentar til pensjonistar

Arrangementet tek plass på «Treet» ca. ein gong i månaden. Det kan kome alt frå 40 til 80-90 personar som vil delta i det populære spelet. Gjennomsnittleg kjem det rundt 60-70 på ein kveld.

Erik Tilseth fortel dei arrangerer bingo for å få breidde i arrangementa på utestaden.

– Ein treng arrangement i vekedagane også, for å overleve i harde tider. Særleg noko anna enn trubadurar og typiske «utekveldar» i helgene. Pengane frå bong-salet går til «Tredet», seier han vidare.

– Vi har dette arrangementet rundt ein gong i månaden. Det som er så kjekt, er at her kjem alt frå studentar i 20-åra til folk over 80. Eg trur folk synest det er spanande.

BINGOMASTER: Erik Tilseth var kveldens bingomaster. Her saman med Trude Lid, dagleg leiar på "Treet". Foto: Niclas Bergh Bugge.

Saman med Trude Lid, dagleg leiar på Det Grøne Treet, sit han og snurrar på det raude hjulet med dei små, fargerike kulene i. Tilseth kjem tidt og ofte med må unyttige fakta opplysingar, som vert tatt i mot med smil og latter av deltakarane.

– Bingo er spelet for alle, seier bingomasteren.

Arrangementet vert sponsa med gåver frå lokale butikkar, til stor glede for dei som tek turen til utestaden.

– Her kan ein vinne gåvekort, konsertbillettar og fruktkorger. Butikkane er flinke med å sponse, og det er veldig kjekt. På det meste trur eg ein person har vunne fire-fem gongar på ein kveld, medan nokon er her fem gongar på rad og ikkje vinn noko. Så her treng du treng ikkje vere smart, og du treng ikkje tenke. Her treng du berre hell og lykke.

Tre på bingo

Sigrun, veldig lokal:

–  Eg har vore her eit par gongar no. Sist gang vann eg ein middag for to og eit gåvekort. Eg er her for det sosiale.

Maria, Ørsta:

–  Dette er femte gongen eg er på bingo, men har ikkje vunne enda. Men, eg har store forhåpningar i kveld! Eg er på bingo for det sosiale, og for å få eit avbrekk. 

Olav, Volda:

– Eg er her annankvar månad. Har vunne eit gåvekort på tusen kroner. Det er veldig spanande med bingo!