Ungt talent klar for ungdomslandslaget

Bjørkedal, uttak til u-landslag (lk02)

UNGT TALENT: Volda HK sender målvakta Bintou Bjørkedal på U-landslagssamling denne månaden. (Foto: Volda HK)

Voldamålvakta Bintou Bjørkedal vart overraska over uttaket, då det blei klart at ho skulle vera med på U-landslaget.

– Det kom som eit sjokk på meg, eg hadde ikkje venta det, seier ei glad Bjørkedal.

Ho har vore med på regionale samlingar i Trondheim, og det var her ho blei teken med vidare.

– Eg hadde ikkje fått noko forvarsel. Det er få som blir teke med vidare her ifrå, derfor vart eg ganske overraska. Men veldig, veldig glad også, seier ho.

Motiverar for vidare trening

Bjørkedal seier ho er veldig spent på samlinga i slutten av september. Trenarane hennar vil vera Tonje Larsen og Lene Rantala. Likevel lar ho seg ikkje skremme av det.

– Eg gler meg til samling. Eg trenar jo for å bli god, så det er kjekt å sjå at all treninga lønnar seg, seier ho.

Bjørkedal er tydeleg på at det er dette ho har lyst til å drive på med.

– Eg brenn for handball, og uttaket motiverar meg vidare til å bli så god som eg kan verta.

Stor stas

Trenar Halldór Stefán Haraldsson er veldig glad på Bjørkedal og klubben sine vegne.

– Det er stort for oss alle å levera ein spelar på eit så høgt nivå at landslaget vert interessert. Det er eit flott kompliment for oss i klubben, spesielt Tommy Furuli som har gjort ein fantastisk jobb med dei yngre spelarane. 

Haraldsson håpar Bjørkedal klarar å ta til seg så mykje kunnskap som ho kan, medan ho er der.

– Det er ein fantastisk læringsarena for dei unge spelarane.

NØGD TRENAR: Haraldsson er særs nøgd med å senda ei av målvaktene til Volda HK på u-landslagssamling. (Foto: Arkiv)

Eit steg på vegen

Haraldsson håpar ho kan ha ei vidare framtid med U-landslaget. Trass i hennar unge alder, trur han Bjørkedal har den rette målsettinga.

– Vegen er ikkje ferdig enno, men så lenge ho tek til seg lærdom er det det viktigaste.