– Det er jo fantastisk!

BlimE-dansen på Øyra skule

DANSA I VEG: I front dansar (f.v.) Julie Driveklepp (12), Hanne Hovlid (12), Johanne Ramsli Gjethammer (11) og Tuva Hauge (12) BlimE-dansen med resten av Øyra skule. (Foto: Marius S. Tollaksen)

Elevane ved Øyra skule, Julie Driveklepp (12), Hanne Hovlid (12), Johanne Ramsli Gjethammer (11) og Tuva Hauge (12) fekk æra av å vera front-dansarar då den årlege BlimE-dansen gjekk av stabelen.

VOLDA: – Me har gjort slikt før, så det gjekk heilt fint å dansa føre skulen, sa Tuva Hauge like etter dansen var unnagjort.

Heile Noreg dansar

«Si hei! Vær ein venn! BlimE!», er slagordet til NRK Super sin venskapskampanje, som blir kalla «BlimE». Fredag førmiddag dansa hundretusenar av elevar rundt om i Noreg BlimE-dansen, som skal symbolisere samhald og inkludering.

Kanalen hadde ei felles sending for elevane rundt omkring i landet. På Øyra skule var sendinga plassert opp på storskjermen i amfiet, der alle hadde eit felles mål, nemleg å dansa for venskap.

3..2..1..og DER gjekk startskotet for barneskulane av, og BlimE-dansen gjekk i taket i Amfiet på Øyra skule.

DANS FOR STORE OG SMÅ: Både elevar og lærarar stod på for å laga dansefest på Øyra skule, fredag førmiddag. (Foto: Marius S. Tollaksen)

– Det er ein veldig positiv kampanje. Fokuset på venskap og dei verdiane som blir tydlege med at alle skal med, er veldig fint å sjå, seier Tone Botn, som er lærar ved skulen.

Freistar til gjentaking

Elevar og lærarar har dei siste vekene hatt fokus på denne dagen, og har sett av tid til å læra dansen. Førre onsdag hadde skulen ei «generalprøve», der dei fekk øva seg. Då blei det òg avtalt at dei fira front-dansarane skulle stå føre dei andre, for å hjelpa dei som ikkje var heilt sikker på alle trinna i dansen.

– Eg synst det er veldig gøy at me dansar for venskap. Det er jo fantastisk, smilar Hanne Hovlid.

BlimE strekk seg tilbake til 2010, då dette blei introdusert på MGPJr. Dette har vore ei årleg «happening», og kvart år øvar skulebarn inn dans og song for å hylla venskap.

– Skulen har ikkje vore med alle åra, men når ein ser denne dansegleda vil me defintivit gjer det igjen, legg Botn til avslutningsvis.