Ny nedstenging av vatnet i Botnavegen

I dag frå kl. 09.00 til 15.00 vert vatnen stengt igjen.

"No er ny vassleidning desinfisert og vassprøvene er godkjende", skriv Volda kommune på si nettside.

"Den er såleis klar for å kunne koplast til leidningsnettet, og det vert difor ny nedstenging i dag 15.03. kl. 09.00-15.00. Det er KUN abonnentar i Botnavegen som vil miste vatnet. Abonnentar med adresse Vikebygdvegen vil ikkje miste vatnet. Heller ikkje Botnavegen 5, 6, 8 og 14."

Vatnet vert opna igjen så snart arbeidet er ferdig, og det kan skje før kl. 15.00. Dette vert ikkje varsla nærare. Kommunen ber abonnentane om å fortsatt følgje dei anbefalte rutinene:

- Rense sila på tappekrana
- La kaldt vatn renne om det vert misfarga
- Ikkje starte maskinvasken før etter at misfarginga er vekke igjen.