Brann i terrenget på Sandsøy

Brannen i terenget har spreidd seg til ei fjellside.

Møre og Romsdal 110-sentral melda kl. 16.44  på Twitter at Sande brannvern hadde rykka ut til ein brann i terrenget på Sandsøya i Sande kommune.

Kl 17.45 melda dei at brannen har speidd seg vidare opp ei fjellside. Mannskap frå Sandsøy og Larsnes arbeider med sløkking. Brannbil er frakta over frå Larsnes. Mannskap frå Kvamsøy er også på veg.