Bustadprisane meir stabile enn i byane

Bustadpris Søre Sunnmøre

Eva Haugen Øye fortel at bustadprisane er meir stabile på Søre Sunnmøre enn i byane i landet. Foto: Sofie Skarholt Ottesen

I byane i Noreg stig prisane på bustad. På Søre Sunnmøre er prisane meir stabile.

Avdelingsleiar ved Eiendomsmeglar 1 Søre Sunnmøre, Eva Haugen Øye, seier at prisane er ganske stabile.

– I forhald til pris opplever eg at me har hatt det ganske jamt, det har ikkje vore nokon valdsame svingingar som me ser andre plassar i Noreg. Men i forhald til aktivitet og mengda av folk på visning opplever eg at det er ganske likt i heile landet. Markedet her på Søre Sunnmøre har vore ganske stabilt, når ein ser på bustadprisane og antal sal ser ein at dei held seg relativt jamne, fortel Øye.

Av byane rundt i landet hadde Kristiansand den største auka i bustadprisen med ein oppgang på 2,1 prosent i februar. I Stavanger steig prisane med i underkant av 2 prosent, i Oslo med 1,4 prosent og i Bergen 0,5 prosent. Dette skreiv NRK.no

Øye fortel vidare at markedet var roleg fram mot jul, men i tida etter jul har det tatt seg litt opp. Januar og februar har tidlegare vore gode månadar.

– Min oppfatning er at det er fleire som er med i budrunde, noko som kan gjera at prisen stig. Det virkar og som at bustadane vert solgt litt raskare. 

Bustadprisane kan svinga litt i gjennom året, og det kan variera frå år til år kva månad eller årstid som har mykje aktivitet. 

– Generelt mest aktivitet på vår og sommar og litt variabelt elles. Årsaken til at det varierer handlar mykje om økonomi, at folk må ha finansieringa på plass før dei kan legga inn bud og kjøpe seg ein bustad, forklarar Øye.

Eigedommar solgt i perioden 1. januar til 8. mars Søre Sunnmøre:

2018: 52

2017: 66

2016: 53