Foreslår å kutte i støtten

Cøliaki

I statsbudsjettet for 2019 har det komt fram eit forslag om at personer med cøliaki skal få 70% mindre i støtte.

Forslaget kom fram etter ein rapport frå SIFO, Statens Institutt for Forbruksforsking, som har rekna på kor mykje glutenfrie varer kostar i forhold til glutenholdige produkt.

Spesielt innen brødmat er prisforskjellane store. SIFO har nedjustert brødmengda for menn med glutenfritt kosthold til 20 brødskiver i veka. Grunnen til denne vurderinga skal mellom anna vere det høge feittinnholdet i glutenfritt brød og dermed det høge energiinnhaldet. For at ein som ikkje tåler gluten skal få det same næringsinnhaldet i eit brødmåltid, må ein spise meir glutenfrie skiver enn ein som tåler gluten og kan spise vanlige skiver. Dette på grunn av lavt fiberinnhald og lite fullkorn.

– Det er urimeleg å legge til grunn at ein spis 20 brødskiver i veka når ein ungdom spis mellom 6-18 skiver for dagen, seier Mathias Fischer Blichfeldt som har cøliaki.

I ein rapport fra Norsk Cøliakiforening skriv dei at SIFO sine berekningar ikkje er reelle. Baguetter bør bli erstatta med glutenfrie baguetter og ikkje det rimelegaste alternativet.

– Eg brukar omtrent 1000-1500 kr ekstra i månaden, seier Mathias Fischer Blichfeldt om å berre ete glutenfritt.