Kiwi scorar høgt blant voldingane

KiwiVolda

Vi spurde innbyggjarane i Volda om deira favorittbutikkar og handlevanar. 

I Volda er det over ei handfull med daglegvarebutikkar å velje i. Her finn ein både ferskvaredisk og post i butikk. Vi spurde lokale i Volda sentrum om kvar dei foretrekkjer å ta mandagshandelen, og kva slags faktorar som spelar størst rolle i valet av daglegvarebutikk. 

KiwiVolda kunder
F.v: Gaute Andreas Øye (24) og Mathias Engeset (23) FOTO: Inga Lill Nord Nyvoll

Mathias og Gaute Andreas på 23 og 24 år let gamle vanar og næraste tilgjengelegheit avgjera kvar dei handlar daglegvarene sine. Dei er opptekne av at det skal vere enkelt og nært.

Rema
Herman Waard (46) FOTO: Stine Solli Ødegård

Herman er meir interessert i de ulike tilboda til daglegvarebutikkane.

– Eg likar Rema sine tilbod, spesielt på eigne merker. Han er også ein ivrig tilhengar av Kiwi og deira «First price» produktar.

Gratis kaffi og god tilgjengelegheit

Til tross for å vere ein av dei mindre daglegvarebutikkane i Volda, ligg Kiwi Volda på topp med heile 1400 unike kundar på ein gjennomsnittleg måndag. Med god kundebehandling, plassering nær studentar og lokale, og gratis kaffi er det ein svært populær butikk.

Bjørn Telset, dagleg leiar ved Kiwi Volda er meget nøgd med resultatet. 

– Ja, eg er kjempe nøgd! Det er kjekt at kundane liker å vere her. Her er det flinke kollegaer, verkeleg eit kanon mannskap å ha med seg i ryggen.

Alle saman er hjarteleg velkomne til ein kvar tid, avslutter Telset.

KiwiVolda Bjørn Telset
Dagleg leiar ved Kiwi Volda, Bjørn Telset, synes det er kjekt at så mange legg handelen her. FOTO: Inga Lill Nord Nyvoll

Topp tre

Kiwi er tydelegvis ein populær kjede i Volda, då begge daglegvarebutikkane er i toppsjiktet. Saman med Rema på Spinneriet er det dei butikkane befolkninga handlar mest i. Nærnett har prøvd å fått tal i frå Bunnpris og Spar uten hell. Desse to er dermed ikkje tatt med i saken.