– Vindkrafta kjem til å ta frå oss naturen, stillheita og roen 

Demonstrasjon mot vindkraft varde Ulstein Sunnmøre

Store og små møtte opp på markeringa mot vindkraft tysdagkveld. FOTO: Kyrre Fitje

DIMNA/NÆRNETT: Klar tale frå arrangørane av vardetenninga på Dimnaøya tysdagkveld. Rundt 30 aksjonistar møtte opp for å vise si misnøye, og i horisonten såg dei fleire. 

– Sjå ein frosk, ropar Sølve medan han hoppar av glede og kastar seg etter den vesle amfibien.

– Du må ikkje plage den. Det er dyreplageri, svarar bror Gaute Johnsen Sivertstøl livsvand. Bak nikkar foreldre og familie einig. 

Det er ein naturglad gjeng som er på veg mot Høgåsen på Dimnaøya tirsdag kveld. 

Dei er på veg for å vise si missnøye med vindkraftplanane på Søre Sunnmøre. 

FANNN FROSK: Vetle, Sølve og Gaute Johnsen Sivertstøl tok vare på ein frosk på veg opp til båltenning. Foto: Kyrre Fitje

– Vi vil varsle slik dei gjorde i gamledagar. Før mobil og radio var det vardane som vart brukt for å varsle om uro og fare. Difor tar vi dei no i bruk att, for å varsle om det vi meiner er ei fare. 

Det forklarar far til dei to gutane, og medarrangør av vardetenninga, Arne Sivertstøl.

– Ein nasjonalbevegelse 

Medan sola og havgapet samarbeida om ein mektig solnedgang i vest, begynte det sakte å fylle seg opp med menneskjer på toppen av Høgåsen. 

– Vi er nøgd med oppmøtet, det er vi. Det var ein ganske spontan demonstrasjon frå vår side, og det er jo haustferie. Været kunne også vore betre, seier Sivertstøl i det dropane byrjar å falle frå skyene over dei. 

Alle har med seg noko til bålet, nokre ei bålpanne, andre ein vedkubbe. Bålsjef Vegard Aksnes har med seg ein heil trestol som fyr til bålet. 

Medan det blir servert bollar til deltakarane jobbar Aksnes for seg sjølv med bålet, og snart blussar flammen opp.  I det fjerne kan ein skimte bålet frå vardetenninga på Runde i sør. 

Saka held fram under bilete.

Trestol som ved: Vegard Aksnes var bålansvarleg under markeringa på Høgåsen. 

 

– Vi kan ikkje fortsette å rasere naturen vår, så no tenner vi og andre aksjonsgrupper 130 vardar rundt omkring i heile landet for å vise vår meining, forklarar arrangør Inger Johanne Saunes medan flammane reiser seg bak ho. 

Ho held fram: 

– 8. oktober for 40 år sidan vart det sultestreika framfor Stortinget for å demonstrere mot utbygginga av vasskraft i Alta-Kautokeino vassdraget. Deira motstand vil vi no gjere til ein nasjonal folkerørsle. 

– 5000 engasjerte

Sjølv om berre omlag 30 aksjonistar møtte opp under demonstrasjonen, er arrangøren klar på at dei har brei støtte i lokalbefolkninga.

– Det viktigaste er at vi får ei markering, slik at folk ser oss, seier Suenes før ho utdjupar:

– I vårt område har vi tre aksjonistgrupper. Vårt område sprer seg frå Nordfjord i sør til Haramøya i nord. Vi har omlag 5000 engasjerte innanfor det geofraiske området. Det er ei god oppslutning, men vi kan alltid bli fleire. 

Suenes er vidare klar i tala om kvifor ho meiner markeringa er viktig. 

– Naturen vår er i fare, den blir truga av vår utbygging. Vi må sei frå om at vi har nådd eit punkt der det er nok.

Saka held fram under biletet. 

Markerte med bål: 30 møtte opp på markeringa på høgåsen

 

— Vindkrafta går i beste fall i null 

Mange vil seie at vindkraft er eit godt straumalternativ, sidan det er ein fornybar ressurs. Det seier ikkje Sivertstøl seg einig i. 

– I beste fall går vindkrafta i null, i alle fall her til lands. Det kostar så mykje å bygge, frakte, sette opp, vedlikehalde og ta ned desse turbinane. For ikkje å snakke om inngrepa i naturen. Mange av desse felta er satt i myrterreng, om ein fjerner desse er det ein uerstatteleg og viktig ressurs i CO2-fangsten. 

– Kva er alternativet, slik du ser det? 

– Vasskraft og solceller er openbare alternativ. Vi kan effektivisere vasskraftanlegga våre mykje utan å gjere noko form for inngrep i naturen, svarar Sivertstøl engasjert. 

Han har fleire argument: 

– Vi sløsar ekstremt med ressursane våre her i landet, vi er ein storforbrukar. Vi har ein lang veg å gå berre på å bruke mindre, sløse mindre. Enten det er snakk om straum, kle eller kva det skal vere, avsluttar Sivertstøl