Sju personar Salmonella-smitta

Ein frå Møre og Romsdal Salmonella-smitta

Illustrasjonsfoto: Pixabay. 

– Prøvane av pasientane er teken i slutten av august, og kvar einaste er anteke smitta i Noreg, seier seniorrådgjevar Heidi Lange ved Folkehelseinstituttet i ei pressemelding.

Ein av desse personane er busett i Møre og Romsdal.

Dei øvrige er busett i Finnmark, Sogn og Fjordane, Akershus og Oslo. Dei som er smitta er mellom 19 og 60 år.

NRK skriv at DNA-profilen til den omtalte bakterien aldri tidlegare er sett i Noreg, korkje hjå menneske, dyr eller i matvarer. 

No leiter dei etter smittekjelda.

– Me undersøkjer no om dei har felles smittekjelde, og om vi har eit utbrot. Når dei har felles DNA-profil, er det ein indikasjon på dét. Då kan me sjå om vi har ei kjelde som til dømes skal fjernast frå marknaden om det er ei matvare, seier avdelingsdirektør i Folkehelseinstituttet, Line Vold til NRK. 

Vold opplyser òg at det er snakk om ein sjelden variant av Salmonnela, og at den gir betennelse i magesekken, feber og blod avføring og slim.

Nærnett

Les flere artikler fra Nærnett.

Salmonella

  • Ein salmonellainfeksjon er ein betennelse i tynntarmen forårsaka av salmonellabakteriar.
  • Infeksjonen kjem hyppigast om sumaren, hovudsakleg grunna auka reiseaktivitet i denne perioda.

Kilde: Norsk Helseinformatikk