Klar for nytt meisterskap: – Går for siger og pers i UM

Elias Hovden Nilsen, spydkast

DRØYMER: Elias Hovden Nilsen drøymer om at spydet ein gong skal ta han til OL. (Foto: Oddvar Sagbakken Saanum)

Eit teknikktips frå trenar Svein Egil Johannessen då Elias var 12 år gjorde at han fekk augene opp for spydkast. No er han Noregs beste junior i spyd.

ØRSTA: – No får eg betalt for å ha hatt fokus på teknikk i ung alder. Eg får høyra at eg har betre teknikk enn konkurrentane mine, seier Elias Hovden Nilsen.

For to veker sidan vart voldingen noregsmeister i klasse U20 Menn under Junior-NM i Sigdal.

– Det var kjekt å bli juniormester. Det er det største eg har oppnådd og den fyrste ordentlege tittelen eg har tatt.

Viktig trenar

Elias Hovden Nilsen begynte skikkeleg med friidrett då han var tolv år. Då var favorittgreina hans liten ball, men denne øvinga går ut av programmet når ein vert 13 år. Då er det normalt å gå over til å kasta spyd.

– Eg har alltid syntes det har vore morosamt å kasta, alt frå handball til snøball og stein.

Spydkast syntes Elias var morosamt, men vanskeleg. Heldigvis fekk trenar Svein Egil Johannessen augene opp for friidrettstalentet.

– Svein Egil viste meg nokon teknikktips, og plusteleg flaug spydet 10 meter lengre. Det synest eg var veldig fascinerande. Då skjønte eg at ein liten detalj kan gjera veldig mykje, fortel Elias.

Elias Hovden Nilsen og trener Svein Egil Johannesen 2
TERPING: For Elias og trenar Svein Egil er ofte teknikk i fokus. (Foto: Sjur Tveito)

Sidan då har det vore fullt fokus på spydkast for voldingen. Han har lenge vore liten av vekst, noko som vanlegvis ikkje er ein fordel i spyd. 

– Eg har alltid vore ein av dei minste på stemne, så eg har fokusert på teknikk som er veldig viktig i friidrett. Eg har ikkje brydd meg om å vera god som ung og har heller tenkt utvikling. Trenaren min er veldig flink og veit kva han driver med, seier Elias.

Trenar Svein Egil Johannessen såg tidleg at Elias hadde eit talent. 

– Han hadde dei grunnrørslene som ein ser etter. Og han skjønte kva spydkast handlar om. Og så er det litt sånn at ein ser om nokon har eit potensiale. Men det er opp til han sjølv kor god han blir. 

Elias Hovden Nilsen og trener Svein Egil Johannesen
MEISTER OG ELEV: Elias Hovden Nilsen og trenar Svein Egil Johannesen har eit godt samarbeide. (Foto: Oddvar Sagbakken Saanum)

UM neste

Då Elias vart junior-Noregsmeister for to veker sidan blei det ein skikkeleg Søre Sunnmøre-duell om gullet. Iver Saunes Moldskred frå Dimna IL vart nummer to, berre to meter bak Elias. 

Iver er eitt år eldre enn Elias, og dei to har trent mykje i lag dei siste åra. Dei har også hatt same trenar. 

– Me er ein liten gjeng som kastar spyd her på Søre Sunnmøre. Tidlegare har eg trent med  Andrine Hjellen Haugland og Iver, men dei har no flytta. Det er kjekt at me på Søre kan gjera det så bra, seier Elias.  

No til helga møtast Elias og Iver til ein ny duell under UM. I junior-NM konkurrerte han mot alle juniorane i alderen 15-19 år, medan i UM møter han berre dei 18- og 19-åringar.

Elias satsar på gull i UM også, men kan ikkje lova noko.

– Det hadde vore kjekt å ta gull der også, men alt kan skje i konkurranse. Målet er alltid å ta ny pers, seier spydtalentet frå Volda. 

I junior-NM kasta han 62,72 meter. Det er under halvmeteren bak persen på 63,15 som han satte under Nordisk juniorlandskamp i Kristiansand i sommar.

Elias Hovden Nilsen gående
NORGE: Elias Hovden Nilsen synes det var stas å konkurrere for Noreg under juniorlandskampen i sommar. (Foto: Oddvar Sagbakken Saanum)

Draumen om OL

I framtida har Elias ein draum om å delta i OL, men før det vil han kvalifisera seg til U20-VM i Kenya neste år.

– Då må eg kasta seks meter lengre enn persen min. Det hadde vore kjekt med tur til Kenya, sier voldingen. 

Noreg har gode spydtradisjonar, men er no inne i ein litt dårlegare periode etter at Andreas Thorkildsen gav seg.

– Det er litt kjedeleg å komma etter Thorkildsen. Han er eitt av dei største talenta som har vore, sier Hovden.

– Men det ser bra ut no. Det er mange unge som er på veg opp, sjølv om me manglar kastarar på topp.

Samstundes er Thorkildsen eit førebilete for Elias. Blant dagens aktive er det derimot ein tyskar som er det store førebilete.

– Thomas Röhler er eit stort førebilete for meg. Han er litt som meg, liten, men med god teknikk. 

Elias Hovden Nilsen stående
KLAR FOR UM: Elias er klar for ny duell med Iver Moldskred under UM til helga. (Foto: Oddvar Sagbakken Saanum)