Vetle (15) avgjorde kampen mot Åmdal på ellevilt vis

15-åringen med eit draumetreff av dei sjeldne

15 år. Seniorkamp nummer tre. På overtid av OBOS Cup-kampen mot Åmdal fekk Giske sin unggutt draumetreffet han seint vil gløyme.

Eliassen er eit etternamn som er godt kjent for Giske sine trufaste allereie, då Vetle sin far, Ole H. Eliassen gjennom ei årrekkje har vore deira superspiss med over 300 kampar og nesten like mange scoringar.

No ser det ut til at den neste generasjonen er klar til å ta over stafettpinnen. Det er iallfall liten tvil om at Vetle Eliassen har fått ein draumestart på karriera på senior-nivå.

På overtid i andre omgang klarerte Åmdal eit innlegg ut i farleg rom. På første touch blir ballen returnert inn i boksen, og den hamnar litt bak Vetle som ikkje kan få hovudet på den. Det er då han slenger rundt kroppen, treff ballen heilt perfekt og sender den i ein perfekt boge, utagbart for keeper, opp i vinkelen. 

– Det var kult å opne scoringskontoen på A-laget på denne måten, sa hovudpersonen sjølv etter kampen.

Og som om ikkje det var nok å score på denne måten, så var den første personen som var på plass for å gratulere Vetle hans eigen far. Dei to fekk spele saman på topp det siste kvarteret av kampen. 

– Det er kjekt å få oppleve dette på bana, saman med min 15-årige son, fortalde Ole etter kampen.

Supermålet var Giske sitt andre i kampen. Det første kom etter ein dødball, der Åmdal ikkje klarte å klarere godt nok. Ballen hamna hos ein Giske-spelar på 16-meter, som hamra den opp i nettet. I tillegg til dette hadde bortelaget også to stolpetreff, og det kunne fort ha enda med endå fleire mål i denne kampen. Brassesparket var det siste som skjedde i kampen, som enda med 2-0 siger til Giske.