– Synd det ikkje er fleire kvinnelege fotballtrenarar

Få kvinnelege trenarar i fotball

Gina B. Rundtom ynskjer fleire kvinnelege trenarar. Foto: Sunnmøre FK

Fotballklubbane i Søre Sunnmøre har klart flest mannlege trenarar. 

Dagleg leiar i IL Hødd, Oddmund Davik Otterlei, meiner at det handlar om tradisjonar. Hødd er ein av klubbane med stor forskjell på kor mange kvinnelege og mannlege trenarar det er.

– Det er slik det er, det er flest menn i fotballen. Det har vert tradisjonar for det i alle år. Men det kjem stadig fleire kvinner inn i fotballen, spesielt på dei yngre laga. 

Oddmund Davik Otterlei meiner det har med tradisjonar å gjera at det er så få kvinnelege fotballtrenar. Foto: IL Hødd
Tradisjonar: Oddmund Davik Otterlei meiner det har med tradisjonar å gjera at det er så få kvinnelege fotballtrenarar. Foto: IL Hødd

Gina B. Rundtom, som er trenar i Volda TI Fotball og sit i styret i Sunnmøre fotballkrets, synes det er synd at det ikkje er fleire kvinnelege fotballtrenarar her. 

 – Det er nok ikkje berre her i området det er sånn, det er nok store forskjellar rundt i heile Noreg. Eg skulle sjølvsagt ynskt at det var fleire kvinnelege trenarar. Eg trur at kvinner kunne gjort ein god jobb med å trena gutar, men trur og at det er viktig at menn får trena kvinner, forklarar ho.

Den 1. mars vart prosjektet «drømmetrenaren» satt i gang for sjette gong i Sunnmøre. «Drømmetrenaren» er eit utviklingstiltak for fotballtrenarar. Her må deltakarane søka fotballkretsen om å få delta, og det skal vere flest deltakarar frå barne- og ungdomsfotballen. Målet med dette tiltaket er at deltakarane skal vere «krafta» i sine klubbmiljø og styrka fotballmiljøet på Sunnmøre.

Av dei 46 personane som er med på prosjektet er kun 3 kvinner.

Rundtom fortel at dei oppfordra kvinner til å søka. 

 – Men det er sikkert nokon som er litt usikre på seg sjølv. Det er nok fleire som føler at dei ikkje har den fotballfaglege bakgrunnen som må til. Det har stort sett vert menn som har deltatt.

Blir kvinner inkuldert på lik line som menn i fotballen?

– Hjå oss vert alle spurt, og dei som ynskjer får bli med. Men fotball er ein mannsdominert hobby, og det har ofte vert sånn at pappa har vert mest interessert, fortel Otterlei til Nærnett.

Gina Rundtom meinar at det nokon gonger kan vere vanskeleg for kvinner å melda seg til å vere trenar. 

 – I barnefotballen er det ofte opp til foreldra å finna ut kven som skal vera trenar. På opne møter der trenarspørsmålet kjem opp trur eg det kan vere vanskeleg for kvinner å melde seg viss dei ikkje har så mykje erfaring. Det er nok fleire som er litt usikre på seg sjølv, seier Gina B. Rundtom.

Gjer de nokon tiltak for å få fleire kvinner inn i trenerrolla?

 – Nei, ikkje noko konkret, men me prøver å styrka kompetansen blant alle trenarane med å halda trenarkurs. Me prøver å vera direkte på kvinner å spørja om dei vil gå inn i trenarrolla. Det er jo ikkje noko som tilseie at kvinner ikkje skal vere på same nivå som menn som trenar. Spesielt på det psykiske og som menneskekjennar trur eg kvinner har mykje å tilby, avsluttar Otterlei, dagleg leiar i IL Hødd.

 

Kvinnelege og mannlege trenarar 

Volda TI - Fotball: 4 kvinner og 24 menn

Ørsta IL Fotball: 6 kvinner og 31 menn

Hødd IL Fotball: 9 kvinner og 83 menn

Hareid IL: 12 kvinner og 21 menn

Kjelde: Fotball.no