– Vi må verte flinkare å anmelde

Facebookgruppe mot dyremishandling

HAR HÅP: Administrator av «Savnede og etterlatte dyr i Ulsteinvik/Hareid» håper ingen bruker facebookgruppa som verktøy til å skade dyr i lokalmiljøet. Illustrasjonsfoto: Ian Livesey

Nabokvinnene frå ytre Hareid har splitta meiningar om effekten av grupper for sakna og etterlatne dyr på Facebook. 

– Desse sidene er både til hjelp og til byrde. Om du er ein person som ynskjer andre sine dyr vondt, tek det deg ikkje mange minutta å finne fram til kva område du skal leite i, meiner damene.

Dei er alle einige om at Facebook også er til bistand når du har mista dyret ditt. Henriette uttrykkjer at ei lokal Facebook-gruppe for dyrs velferd på Hareidlandet kan vere smart å opprette. Ho meiner at å skade dyr ikkje kan få utvikle seg til å bli ein trend.

Ta tak

Jorunn har eit ynskje om at myndigheitene tek tak.

– Folk må verte flinkare til å anmelde sjølv om det ikkje vert gjort noko. For prinsippet si skuld.

STÅ SAMAN: Om vi samarbeider kan vi lettare finne dyremishandlarane – om dei fins, meiner Marthe K. Barstad. Foto: Marthe K. Barstad 

– ​Politiet burde ha eit register der desse dyresakene vert lagt inn, samt namn på eventuelle gjerningsmenn som har vorte avslørt tidlegare. Då er det lettare å sjå eit mønster i dei kriminelle handlingane.

Marthe K. Barstad (34) frå Ulsteinvik er administrator av «Savnede og etterlatte dyr i Ulsteinvik/Hareid»-gruppa på Facebook. Ho starta den då ho vart vitne til tre hestar som oppheldt seg i Ulsteinvik sentrum.

– Prosessen ved å finne eigarane var meir traudig enn nødvendig. Difor starta eg gruppa.

Tykkjer det er leit

– Eg håper ingen bruker sida «mi» for å aktivt lokalisere dyr og skade dei. Eg håper heller at vi  kan bruke sida til å lokalisere dei skuldige.

– ​Eg har blokkert eit par brukarar som har vore ute etter å lage bråk. Noko meir enn det har eg ikkje opplevd som urovekkjande.

Ved spørsmål om tankar rundt Henriette sitt forslag om å starte facebookgruppe for dyrs velferd på Hareidlandet svarer ho:

– Aleine får vi til litt, men ilag får vi til meir!