Brannsjefen kjem med sine råd

Volda brannstasjon

MINDRE Å GJERE: Det siste året har brannvesenet i Volda hatt det forholdsvis roleg. Dette håpar brannsjef Roy Inge Helte held fram. FOTO: Odd Sindre Tonning

Så langt dette året har det vore få utrykkingar for brannvesenet i Volda. Brannsjef Roy Inge Heltne oppfordrar folket til å halde fram med å vere forsiktige.

 — No når kulda kjem er det viktig at man får kontrollert elektronisk utstyr, særleg dersom man bur i eldre hus kan det vere ein god investering å få ein generell gjennomgang av ein elektrikar, seier Heltne.

Så langt i år har brannvesenet i Volda vore ute på ni utrykkinga, der ingen av desse har vore store hendingar. Det same kan man seie om fjoråret, der det var fire bustadbrannar. Ser man på heile Møre og Romsdal var det første gong på fleire år der ingen omkom i brann i fylket.

Røykvarslarar er viktige

 — Kvar gong eg snakkar om brann, dreg eg fram røykvarslarane, og eg får aldri poengtert nok kor viktig desse er. Det er viktig at vi blir varsla, slik at vi kjem oss ut før det er for seint, forklarar Heltne.

Brannsjef Roy Inge Heltne
BRANNSJEF I VOLDA: Roy Inge Heltne håpar folk held fram med å vere forsiktige. FOTO: Odd Sindre Tonning

Elles dreg han fram kor viktig det er å vere påpasselege på kjøkkenet:

 — Vi er for gode til å tilberede brannar i komfyren. Vi må vere flinkare til å passe på og tenkje sikkerheit heile tida.

Større forbruk av elektronikk om vinteren

Grunnen til at man gjerne ser ein oppgang i tal på brannar i vinterhalvåret er ikkje nødvendigvis på grunn av meir fyring i omnar, men kan like gjerne vere auka belastning på elektronikk i hus.

 — Mange av brannane som oppstår i bustader har elektronisk årsak, då elektroniske apparat er utsett for større belastning i vinterhalvåret, seier Heltne. 

Dersom man går eit tiår tilbake i tid, var der rundt 14-15 pipebrannar på eitt år, medan der i fjor ikkje var nokon i Volda kommune. Meir oppvarming ved bruk av varmepumpe har gjort at man fyrer mindre i peis, og dermed er slike brannar mindre vanlege no. 

Men sjølv om det så langt i år har vore færre brannar, ber Heltne folk om å vere forsiktige. Han ønskjer ikkje at trenden skal snu, så folk blir oppmoda til å fornye batteria i røykvarslarane og kontrollere elektronikken sin.