Steinar ramlar av veggen på Aasen-huset

Fasadenefall

STEINRAS: Frå denne veggen har det rasa mindre steinar frå betongen. (Foto: Niklas Løkken)

Studentombudet ved Høgskulen i Volda advarar elevene om å nærme seg ein av parkeringsplassane på skulen. Årsaka er at delar av steinfasaden på veggen har ramla av. 

I slutten av august vart fleire bilar skada etter at bitar av fasaden på Aasen-huset ved Høgskulen i Volda ramla ned.

aasen
TEIKN PÅ SKADE: Ein kan tydeleg sjå at det har løsna store bitar frå fasaden. (Foto: Håkon Lie)

I midten av september hadde Volda kommune synfaring saman med Ose ingeniørkontor. Dei tilrår at kommunen tek prøver av den berande betongkonstruksjonen for finne ut korleis bereevne er.

Tor Vegard Søvik leiar vedlikehald og utvikling i Volda kommune, seier at det er set i gong ein prosess.

– Me har hatt ei synfaring no, og leitar etter eit firma som både har kapasitet og kompetanse til å fjerne betong på fasaden.

aasen
FASADEFALL: Noko av fasaden som har ramla ned. (Foto: Håkon Lie)

Ose ingeniørkontor skal ta prøver av den bereande konstruksjonen. Om det visar seg å vere skader her, må det settast i gong tiltak seier Søvik.

– Om det visar seg at den bereande konstruksjonen har fått skader, må me finne ein måte å styrke dette på. Det kan vere med stålelement.

I mellomtida har Høgskulen gått ut med informasjon til både tilsette og elevar om situasjonen. Dei ber alle respektere sperringane og verken gå eller parkere for tett inntil bygget.