Fire personar i Volda, tre i Ulstein og éin i Hareid i heimekarantene

Fastlege i karantene

Testing for koronavirus gjennom bilvindu utenfor Volda legesenter. FOTO: Bård Sørø Olsen

Åtte nye personar er i dag sett i heimekarantene og -isolasjon.

Ulstein
Tre personar som har reist utanlands sit no i heimekarantene i Ulstein kommune. Det bekreftar kommuneoverlege Norunn Elde.

– To personar har reist i Tirol i Austerrike, på grensa til Nord-Italia. Éin person kjem frå reise i Thailand, seier ho.

Les meir her: Koronasituasjonen på Søre Sunnmøre

Hareid
Ein fastlege har sett seg sjølve i heimekarantene etter å ha reist i Tirol i Austerrike, ifølgje kommuneoverlege Karsten Vingen.

– Legen ringte inn før kontortid og har ikkje hatt fysisk kontakt med annan helsepersonell eller pasientar, seier han.

Volda
To personar er testa og sit i heimeisolasjon. Svar på prøven er forventa å kome i løpet av dagen. I tillegg er to helsepersonell set i heimekarantene etter å ha vore på reise.

KARANTENE ELLER ISOLASJON?

  • Heimekarantene blir tilrådd for dei som har hatt nær kontakt med eit stadfesta tilfelle, inkludert dei som bur saman med stadfesta tilfelle.
     
  • Heimeisolering blir tilrådd for dei som er stadfesta smitta eller mistekt sjuke og blir testa for koronaviruset.
     
  • For tilsette i helsetenesta som dei siste 14 dagane har vore i område med vedvarande spreiing, og ikkje hatt kjent nærkontakt med stadfesta tilfelle kan dei få arbeidsrestriksjonar utan karantene.

Kjelde: Folkehelseinstituttet