Seks månedar fengsel for seksuell omgang med eit barn i tenåra

Ålesund Tinghus

Sunnmøre tingrett. FOTO: Morten Asbjørnsen.

Mann i 40-åra må i fengsel i eit halvt år for seksuell omgang med eit 15 år gammalt barn.

Dommen i saka fall i Sunnmøre tingrett 7. mars 2017. Mannen i 40-åra frå Søre Sunnmøre må i tillegg til fengselsstraffa betale oppreisning på 70.000 kr til den fornærma og 3000 kr i sakskostnadar.

– Den fornærma er blitt trudd, det er viktigast. Eg meiner at dommen slik den er begrunna gir eit resultat som er riktig, iallfall erstatningsmessig, seier bistandsadvokaten til jenta,  Mette Ekroll Nyland til Nærnett. 

Den fornærma budde i denne perioden på fosterheim og var i ein sårbar situasjon. Retten ser på den seksuelle omgangen som utnytting.

Kontakt i eit år før hendinga

Den domfelte og den fornærma forklarte at dei hadde vore i kontakt med kvarandre på det sosiale mediet Facebook, eitt år før hendinga som skjedde 11. september 2014. Der hadde dei kommunisert og gitt kvarandre likes og kommentarar. Samtalane handla også om sex.

Den fornærma, som budde på ein fosterheim, hadde eit ønske om å forlate institusjonen ho var på. Den domfelte tok på seg å køyre den fornærma same kveld som den seksuelle omgangen tok stad.

På vegen stoppa dei ved ein parkeringsplass.

Ikkje einig om seksuell omgang

Den domfelte var ikkje einig i at dei hadde hatt seksuell omgang i bilen. Den fornærma var klar på at dei hadde seksuell omgang. På bakgrunn av mellom anna DNA-bevis, er retten klar på at den domfelte og den fornærma hadde seksuell omgang.

Den fornærma som på denne tida var eit barnevernsbarn var særleg sårbar, og domfelte kjende til den fornærma sin bakgrunn.

Den domfelte er tidlegare dømd for liknande forhold. Sjølv om dette er nokre år sidan, ser retten på dette som straffskjerpande.