Eid-ordføraren bekymra for konsekvensane av vêrutsett ferjekai

Ferjekai

SJÅ FORSKJELLEN: Sjå forskjellen på den nye og den gamle ferjekaia på Andaneset. Ferjekaia vart erstatta i 2012, og kosta 86 millionar. FOTO: Skjermdump

Fleire gongar sidan «nye» Anda-ferjekai stod ferdig i 2012, har avgangar på ferjeleiet vorte kanselerte på grunn av vêrforhold. Ferjemannskapet åtvara då utbyggar om utfordringane.
 

Sist søndag kveld hendte det igjen. Frå litt etter klokka 18 vart ferjesambandet Lote-Anda over Nordfjorden nord i Sogn og Fjordane stengd på grunn av straum og vindforhold. Denne gongen måtte ferja M/F Eidsfjord ligge på fjorden til over midtnatt før ho fekk lagt til kai.

– Når vi må kanselere er det grunna ein kombinasjon av fleire faktorar, forklarar skipsførar Kjetil Sætre på M/F Eidsfjord til Nernett.

Artikkelen held fram under biletet. 
 

Den rutinerte ferjemannen har arbeidd på sambandet sidan 2006, og kjenner difor forholda på fjorden godt. Sætre var ikkje sjølv på vakt på søndag, men har aning om kvifor ferja vart kanselert.

–  På søndag var det fullmåne, noko som fører til sprengflo. Det var i tillegg mykje nedbør og sterk vind. Summen av dette gjer at det er mykje straum i fjorden. Saman med vinden frå vest gjer dette at det ikkje er forsvarleg å leggje til kai på Anda-ferjekai, forklarar Sætre. 

Den nye ferjekaia kosta 86 millionar kroner, og stod ferdig i januar 2012. Sidan den gong har fleire avgongar måtta blitt innstilt fordi det ikkje er forsvarleg å leggje til kai. Den gamlekaia låg vendt mot aust, og var dermed i ly frå vestavinden på grunn av Andaneset. Den nye kaia ligg vest-vendt ut frå Andaneset, og er dermed meir utsatt for vêr og vind. Sjå og samanlikn sjølv i bildeserien øverst. 

– Vi er rett og slett redde for at vi skal miste kontakten med kaia medan vi driv med lasting og lossing av bilar. Det kan fort bli kritisk. I det eine augeblikket kan vi tru vi har kontroll, i det neste har vi ikkje det lenger. Vi kan ikkje ta sjansar. Det er trasig, men slik er det blitt.

Sætre presiserer til Nernett at han ikkje er ute etter noko omkamp om kaia, men ønskjer å informere om kvifor det blir kanselleringar.

Gamle kaia betre i dårleg vêr

I november 2012 opna nye Anda-ferjekai etter å ha vore under konstruksjon i over eit år. Den gamle kaia var ei aust-vendt kai, var den nye var vendt mot vest og stod på pålar ut i fjorden.

– Før utbygginga av den nye ferjekaia sa vi i mannskapet frå om at vi ville behalde den gamle ferjekaia som reservekai. Dette slik at vi kunne ha trafikk på dagar med tunge vêrforhold, slik som den på søndag. Dette vart dessverre ikkje høyrd.

Svenn Finden, avdelingsdirektør i Statens Vegvesen, bekrefter til Nernett at dei fekk tilbakemelding om dette før arbeidet med ny kai starta, og seier dei vart tatt med i vurderinga.

– Då kaia vart bygd forhøyrde vi oss med mannskapet på ferja, vi fekk tilbakemelding på planane og tok dei med i vurderinga, forklarar Finden og held fram.

– Det vart slutta i å byggje kaia slik ho står no på av forskjellige grunnar. Den kutta ned overfartstida på sambandet mykje, noko som resulterte i fleire avgangar. Den er blitt ei tryggare, meir oversiktleg og effektiv ferjekai når det kjem til trafikkavvikling.

Finden presiserer at Anda-Lote sambandet har hatt relativt få innstillingar, samanlikna med andre samband. Både før og etter den nye kaia. 

Ferjekaia er beskytta

Finden legg til at det vart bygd «skjørt» under vassoverflata, som stansar dei verste av straumen som treff ferjekaia. «Skjørta» er ein betong mur under vatn, som fungerer som ein vindavleier for havstraumar.

– Vi tok fleire målingar av vind og straum i prosessen med ny kai. Skjørta under vatnet er plassert for å beskytte ferja.

Artikkelen held fram under biletet. 

IKKJE SLIK: Dei nye ferjene på Anda-Lote sambandet kom i januar 2018. Då såg fjorden slik ut, men han kan verre langt tøffare. Foto: Beth-Kajsa Elveos (arkiv)

Finden ser utfordringa med ferjekaia, men understreka at det var det beste alternativet som vart bygd.

– På grunn av sikkerheit og plass var det ikkje mogleg å behalde den gamle kaia som ei reservekai. Det var det ikkje plass til. I tillegg var den gamle kaia ikkje dimensjonert til dei nye ferjene, så den måtte blitt bytta ut uansett.

Ønskjer bru

Ordførar i Eid kommune, Alfred Bjørlo (V) er godt kjend med problematikken på sambandet, han er bekymra for konsekvensane om ferja blir innstilt på feil tidspunkt.

– Eg kjenner til pasientar som har sett seg nøydt til å kjøre om Stryn på vegen til sjukehus i Førde, men aldri noko akutt. Det er klart det ville vere alvorleg om ferja er kanselert, og luftambulanse ikkje er eit alternativ grunna veret, seier Bjørlo og held fram.

– Sambandet er det klart største i Nordfjord, og eit av dei største i regionen. Det er problematisk når ferja blir innstilt.

I ei årrekkje har den populære ordføraren jobba for å få ei bru over Nordfjorden, som kan erstatte ferjesambandet.

– Vi skal få ingeniørar opp i haust for å sjå på konkrete konsept og økonomiplanar for ei bru. Eg har tru på at vi skal få til ei bru på plass som kan erstatte sambandet.

Det kan derimot vere ei stund til ferja blir erstatta.

– Med dei nye elektriske ferjene er det teikna eit anbod som går ut i 2027, så då vert det aktuelt å erstatte ferjene med ei bru.