– Eit mål at færre skal trenge spesialundervising

Flyttar midlar frå spesialundervising til flere kontaktlærarar 

Illustrasjonsfoto: Volda kommune ønskjer å prioritere fleire kontaktlærarar. Nokre av desse ressursane vil kome frå midlar som er tenkt til spesialundervising. FOTO: Karine Jonsrud Pedersen

Volda kommune ønskjer å prioritere to kontaktlærarar for nokre grupper, framfor meir spesialundervisning. Anne Randi Fagerlid Festøy som har teke ein doktorgrad i spesialundervising meiner det kan fungere, men peikar også på nokre konsekvensar.

I 2018 var det 7,1 prosent av grunnskulelevane i Volda som fekk spesialundervisning. Oppvekstsjef i Volda, Per Ivar Kongsvik, meiner den nye ordninga ikkje vil hindre elevar som har krav på spesialundervisning å få det.

– Det er ingen grunn til å tru eller frykte at elevar vil bli ramma, seier Kongsvik.

Kostnadane

Per Ivar Kongsvik er oppvekstsjef i Volda kommune. Han seier at alle elevar som har krav på spesialundervising framleis vil få det. FOTO: Volda kommune.

Volda kommune ønskjer å ha to lærarar med kontaktlærarfunksjon når det er snakk om grupper på over 20 elevar. Oppvekstsjef Kongsvik forklarar at noko av kostnaden til ein ekstra kontaktlærar vil bli teke frå midlane som i utgangspunktet er tiltenkt spesialpedagogiske tiltak. Han seier at på ein skule som Volda ungdomsskule er det snakk om kanskje fem prosent av midlane.

– Eit mål at færre skal trenge spesialundervising

Han påpeikar at dei ønskjer å dreie ressursbruken frå det spesielle og over til dei ordinære tilboda, og meiner at fleire kan få nytte av ressursane når det er to kontaktlærarar for klassen.

– Det er eit uttalt mål at vi skal styrke det allmennpedagogiske for å gje fleire elevar utbyte av det ordinære tilbodet. Ein konsekvens blir då at behovet for spesialpedagogiske tiltak vert redusert, og det er den retninga vi ønskjer å gå.  Det er ein viktig verdi og målsetjing at fleire får sitt undervisingstilbod i det ordinære og saman med andre.

Kongsvik seier også at det sjølvsagt ikkje skal bli heilt slutt på spesialundervising, men at ein ekstra kontaktlærar i nokre tilfelle kan dekke behovet eleven har.

– Det kan hende det er ein del av, ikkje heile, men ein del av den spesielle tilrettelegginga nettopp denne eleven treng, seier Kongsvik.

Positiv til to kontaktlærarar, men må være nokre føresetnader

Anne Randi Fagerlid Festøy jobbar på Høgskulen i Volda og har ein mastergrad i spesialpedagogikk. I tillegg har ho skrive doktorgrad om spesialundervisinga på småskulesteget. Ho er positiv til at elevane kan få to kontaktlærarar så lenge det ikkje går på kostnad av dei som treng særskilte tilpassingar. Oppvekstsjefen stadfestar at det kjem det ikkje til å gjere.

Lektor, Anne Randi Fagerlid Festøy, påpeiker viktigheita av et samarbeid mellom skolen, eleven og heimen. FOTO: Karine Jonsrud Pedersen.

Festøy forklarar at ein konsekvens av å omprioritere midlar frå spesialpedagogiske tiltak til fleire kontaktlærarar, kan vere at eleven mistar den tilpassinga han treng.

– Tiltaka for nokre elever kan forsvinne, og dette vil krev meir av lærarane.

Festøy seier at det er en føresetnad at det er eit tett samarbeid mellom kontaktlærarane, faglærarane, heimen og eleven.

– Det er viktig å skape den gode samanhengen, slik at eleven som treng tilpassing, får dette gjennom heile dagen, avsluttar Festøy. 

Ordninga ligg til grunn for kommunebudsjettet 2020, og er også ein del av økonomiplanen som omhandlar fleire år fram i tid.